Tilkallingsvikar lærar
Volda kommune, Avdeling skule
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar lærar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. juni
Volda kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.
Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2025/2026. Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.
Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.
Aktuelle skular:
Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060
Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749
Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232
Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366
Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393
Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623
Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 907 96 096
Kvalifikasjonar
Vi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.Personlege eigenskapar
Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.Kontaktinformasjon
Line Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5054574081
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7053861-ee35-4adc-b654-6d8e0b5e9634
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
af0fc092d85549e09e74de91af31840e
Lignende annonser
Volda vgs søkjer tilkallingsvikarar for lærarar og elevassistentar
Arbeidsgiver
Volda vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Volda
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 25/26
Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Sted
Fiskå, Åheim, Syvde, Åheim, Fiskå