100% avdelingsleiar ved avdeling for forvaltning og koordinering, Helse- og omsorg
Ullensvang kommune Helse- og omsorg
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. desember
Arbeidsstad: OddaStillingsstorleik: 100%
Ullensvang kommune søkjer ein engasjert avdelingsleiar som vil vere med på å forme framtida for helse- og omsorgstenestene i Ullensvang kommune. I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i utvikling og samordning av tenester som er viktige for innbyggjarane våre.
Avdeling for forvaltning og koordinering er organisert under kommunalsjef Helse og omsorg. Avdelinga er kommunen sitt forvaltningsorgan for tildeling av helse- og omsorgstenester, koordinerande tenester og merkantile støttetenester. Det er nært samarbeid mellom funksjonane i avdelinga, samt tett kontakt med leiarane på tenesteområda. Brukarmedverknad, rettstryggleik, likebehandling og forvaltning av kommunen sine ressursar står sentralt.
Avdeling for forvaltning og koordinering omfattar:
tildelingskontor
koordinerande eining
kreftkoordinator
demenskoordinator
merkantile tenester
vikarbase
Me tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med mogelegheit for personleg og fagleg utvikling i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Personal- og økonomiansvar
Delta i utarbeiding av avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet
Sakshandsame og utgreie søknader om helse- og omsorgstenester
Koordinering av samarbeid internt i kommunen og med spesialisthelsetenesta.
Rettleie søkjarar og pårørande om kommunen sine tilbod og tenester, samt medverke til eit heilskapleg tenestetilbod til brukarane.
Bidra til auka fokus på helsefremjande og førebyggjande tiltak
Kvalifikasjonar for stillinga:
Utdanning: Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning, gjerne kombinert med leiarutdanning.
Erfaring: Erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester er ein fordel. Tidlegare erfaring som leiar er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
Sakshandsaming: Kjennskap til sakshandsaming etter forvaltningslova og offentleglova, samt gjeldane lovverk innan helse- og omsorgssektoren er ynskjeleg. Naudsynt opplæring vil bli gitt.
Språkkrav: Gode ferdigheiter i norsk både munnleg og skriftleg (minimum B2-nivå).
Digitale ferdigheiter: God digital kompetanse, og kjennskap til digitale verktøy. Kommunen nyttar mellom anna systema Google, Websak og Profil.
Personlege eigenskapar:
Det er viktig at du er trygg på deg sjølv, då kvardagen til tider kan vere krevjande. Ein arbeider etter vedtekne rammer, samt forventningar frå brukarar, pårørande, tilsynsmynde og leiing. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Tydeleg og resultatsorientert, med fokus på utvikling
Sjølvstendig og ansvarleg
Jobbar strukturert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne
Er dyktig på relasjonsbygging og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Krav:
Politiattest jfr gjeldande lov, nyare enn 3 månader må visast før oppstart
Krav til førarkort Klasse B, og disponere eigen bil
Vi tilbyr:
Løn etter lokal avlønningsmodell for leiarar
Varierte arbeidsoppgåver
Gode utviklingsmogelegheiter
Godt arbeidsmiljø
Avtale om køyregodtgjersle
Fleksitid
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv(IA), gode permisjons- og pensjonsordningar
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796046
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3430823_189353_nn