Eingongstillegg på kr. 50.000,- for fast tilsetjing i stillinga
Har du lyst på fast arbeid som helsefagarbeidar og samstundes motta kr. 50 000,- som ein eingangssum for å signere avtale om fast arbeid?
Då oppmodar vi deg til å søkje stillinga;
Heimeteneste Nord, avdeling Ølve søkjer etter helsefagarbeidar i ca. 80 % stilling på natt. Fast stilling.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Arbeidet er fordelt på oppdrag inne på pensjonatet og ute i eigen heim til brukarane våre.
Skildring av arbeidsstaden:
Integrerte tenester med heimesjukepleie, dagsenter, praktisk bistand og kjøken
14 bustadar med heildøgers-omsorg + tenester til bebuarar i bygdene Ølve og Hatlestrand
Bygdene Ølve og Hatlestrand har fleire unge tilflyttarar, barnehage og skule i begge bygdene. Hatlestrand skule er med i prosjektet «Heildagsskule». Begge bygdene har aktive bygdelag, som jobbar aktivt med utvikling. Bygdelaga jobbar både i forhold til unge og eldre, med utvikling av universelt utforma turstiar, utvikling av badeplass på Hatlestrand, leikeplassar for ungar, og nærmiljøanlegg knytt til skulen. Eksempelvis SÅ-prosjektet som vart presentert i vår – der alle bedriftene i begge bygdene fekk presentera seg.
Heimeteneste Nord gr.4 Ølve har ei stabil gruppe tilsette. Det er ulike profesjonar knytt til gruppa, t.d. spesialsjukepleiar, sjukepleiar, vernepleiar, aktivitør, helsefagarbeidar og kokk. Vi har faste møter, t.d. gruppemøte i turnus kvar 6. veke. Alderssamansetjinga på dei som jobbar hos oss varierer frå tilsette på pensjonistavtale til nyutdanna sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er knytta til helsefagleg oppfølging av pasientane.
Kvalifikasjonar
- Krav om fagbrev og autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- Sertifikat på bil
- Norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper
- Tolmodig og empatisk med stor respekt for pasienten
- Evne til å skape tryggleik for pasienten
- Er trygg i pleiesituasjon og evnar å vera sjølvstendig
Vi tilbyr
Utfordrande oppgåver i ein til tider hektisk arbeidsdag.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad
Søknad er elektronisk. Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her