Vernepleier i turnus med langvakter
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier i turnus med langvakter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt
Antall stillinger
1
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til mennesker med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi har no ledig 100% stilling som miljøterapeut ved Peraplassen bustad. Stillinga er i arbeidsplan med langvakter på 13,5 time med arbeid kvar 4. helg. Friperioder på 5,6 og 7 dagar samanhengande.
Peraplassen bustad ligger sentralt i Lonevåg. Her bur 2 personar med varierande bistandsbehov. Vi søkjer etter deg som er ein fagleg sterk miljøterapeut som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar. Du vil bli ein del av ei personalgruppe med masse erfaring som er engasjert, dedikert og inkluderande.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for at bebuarane mestrer eigen kvardag.
- Målretta miljøterapeutisk arbeid, fagleg oppfølging og utvikling av det miljøterapeutiske arebidet, oppfølging av tiltak.
- Yte bistand i daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
- Utarbeiding og oppfølging av planar og rutinar som bidrar til ein god struktur i kvardagen.
- Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar.
- Legemiddelhandtering.
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Stillinga vil kunne innebere primærkontaktansvar.
- Bidra til å fremme eit godt arbeidsmiljø
- Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar.
Vi tilbyr
- Ein fagleg utfordrande stilling
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.
- Fagleg rettleiing.
- Gode påverknadsmuligheter.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons og forsikringsvillkår
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleier/ sykepleier. Søkjarar med relevant bachelorgrad i helse/sosialfag vil også vurderes.
- Kjennskap til og erfaring fra arbeid med mennesker med ulike sammensatte behov.
- Evne til å foreta faglege vurderingar, gjennomføring av desse og å utvise godt skjønn.
- Gode kommunikasjonsferdigheter og samarbeidsevner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort kl.B
- Søkjarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2- prøve i norsk.
- Gyldig politiattest må fremvises ved tilsetting.
- Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt.
Kven er du?
- Du har eigrunnlegjande respekt for mennesker og eit engasjement for brukergruppen
- Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å skape trygghet og tillit
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du har ei høg etisk medvetnad og evne til kritisk refleksjon
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted