Avdelingsdirektør
Kultur- og likestillingsdepartementet
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsdirektør SI1
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein leiar til seksjonen som arbeider med statleg idrettspolitikk og utvalde tiltak innanfor statleg frivilligpolitikk.
Seksjonen har ansvar for spelemidlar til idrettsformål og samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar og for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar. Seksjonen har også ansvar for nasjonalanlegg, store idrettsarrangement og antidopingarbeidet i idretten.
Som avdelingsdirektør skal du leie og utvikle seksjonen, som består av elleve dyktige medarbeidarar. Du vil vere sentral i arbeidet med å forme og implementere regjeringa sin politikk på fagfeltet til seksjonen, og du vil samarbeide tett med både den politiske og den administrative leiinga i departementet.
Du vil ha personalansvar, noko som inneber at du skal motivere medarbeidarane dine og bidra til at dei kan utvikle seg, og du skal sikre at seksjonen leverer oppgåver av høg kvalitet.
Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er den øvste leiaren for avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen
- ha resultatansvar for oppgåvene i seksjonen
- ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen
- utvikle fagområda og medarbeidarane
- bidra aktivt inn i leiargruppa og bidra til å utvikle heile avdelinga
- samarbeide med den politiske leiinga i departementet og vere med og utforme og setje i verk regjeringa sin politikk på fagområdet
- samarbeide med andre departement og med tilknytte verksemder, aktørar og organisasjonar på fagområdet
Det er viktig at du er fleksibel og open for endringar i porteføljen, og at du kan samarbeide på tvers av seksjonar og avdelingar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:- høgare utdanning, primært på masternivå og fortrinnsvis innanfor jus, økonomi eller samfunnsvitskap
- relevant arbeidserfaring frå offentleg verksemd, helst frå eit departement
- kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og offentleg verkemiddelbruk og forståing for politiske prosessar
- svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne
- gode leiareigenskapar
- relevant leiarerfaring
- innsikt i fagområda til seksjonen og kunnskap om lov- og regelverksarbeid
- Du har gode leiareigenskapar og evne til å motivere medarbeidarane dine og bidra til at dei kan utvikle seg.
- Du klarer å skape gode samarbeidsrelasjonar både internt og eksternt.
- Du er flink til å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid.
- Du er initiativrik og utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne.
- Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og kan handtere stort arbeidspress.
- Du har god rolleforståing.
Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga, og på kva motivasjon du har for stillinga og arbeidsområdet.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for å bli tilsett.
Den som blir tilsett, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
Kultur- og likestillingsdepartementet har eit stimulerande arbeidsmiljø med kunnskapsrike, engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du får brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye regjeringskvartalet. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til å trene i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årsløn frå 1 060 000 kroner til 1 270 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i arbeidet med å leie og utvikle avdelinga.
Kultur- og likestillingsdepartementet er ein del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særlege behov. Aktuelle tiltak kan vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Du som søkjer, må vere merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du ber om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Lars Audun Granly på telefon +47 22 24 80 27.
Om avdelinga og seksjonen
Avdelinga har ansvar for den statlege idrettspolitikken, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv og koordinering og samordning av staten sitt forhold til frivillig sektor.
Avdelinga har ansvaret for å forvalte overskotet frå Norsk Tipping til idrettsformål, samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, Den kulturelle skulesekken og Frifond. I det overordna ansvaret for frivilligpolitikken ligg mellom anna ansvaret for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, Frivilligregisteret og forenkling.
Avdelinga er sett saman av to seksjonar og ein stab. Stillinga er plassert i seksjonen SI1.
Kontaktperson for stillingen
Lars Audun Granly
Ekspedisjonssjef
+47 22 24 80 27
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette, som for tida er fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c68e9ba1-8071-4236-b38c-e4094bf4e880
- Sist endret
2. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275747
Lignende annonser
Avdelingsdirektør
Arbeidsgiver
Kulturdirektoratet
Sted
Oslo
Avdelingsleder samfunn
Arbeidsgiver
Ungdom og Fritid
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Forsvarsdepartementet
Sted
Oslo