Utekontakt 100% vikariat
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling tiltak og ressurs og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Omtale av stillingaVed eining Barn og familie er det ledig 100% vikariat som utekontakt for tilsetjing i tida 26.06.23 - 25.03.24 med mogeleg forlenging til 01.08.24. Utekontaktane er ein viktig del av ungdomsteamet i Tiltak og ressursavdelinga i Eining barn og familie.
Utekontaktane jobbar førebyggande for å inkludere utsette unge i samfunnet, motverke utanforskap ved å bygge sosial inkludering og meistring. Eit teikn på godt utekontaktarbeid er at ein er jamt til stade i ungdomsmiljøa, og miljøterapeutisk arbeid med fokus på relasjons- og tillitsbygging. Utekontakten skal sikre ungdomane medverknad i eige liv og at dei blir lytta til i saker som gjeld dei sjølve.
Målgruppa er barn og unge under 25 år.
Arbeidsoppgåver- Arbeide oppsøkande og har fokus på kontaktetablering
- Ein er ungdommen sin tillitsperson, og gir oppfølging på ungdommen sine arenaer.
- Sikre individuell oppfølging og hjelper til kontakt med andre tenester ved behov.
- Gi hjelp med praktiske ting og har særleg fokus på inkludering og deltaking i aktivitetar og på sosiale arenaer.
- Samarbeide på tvers av tenester og i nettverk i samråd med ungdom og sikrar at ungdom får dekka sine grunnleggande og heilskaplege behov
- Gi samtalar individuelt eller i gruppe og legg til rette for aktivitetar som verktøy for å bygge relasjon og tillit.
- sikre systematisk dokumentasjonsarbeid i kvar enkelt sak, og sikrar kommunikasjon av sin kunnskap om ungdomsmiljø til andre tenester.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer medarbeidar med 3-årig sosialfagleg/pedagogisk høgskuleutdanning, men andre med relevant høgskuleutdanning kan og søkja. Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning innanfor fagområda familieterapi, rettleiingsmetodikk, spesialpedagogikk eller psykisk helsearbeid for barn og unge.
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på;
- personlege eigenskapar
- god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
- relevant praksiserfaring
- at ein er eigna for og har erfaring med arbeid med ungdom og deira familiar
- evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
- ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med, og evne til tverrfagleg samarbeid.
- evne og vilje til å sjå etter løysingar og vere nytenkjande med fleksibilitet og endringsvilje
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Vi tilbyr- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid, med minimum 2 faste kveldsvakter i veka og kvar 6. helg. Ein må pårekne noko ettermiddags- og kveldsarbeid ut over dette.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290903
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3108415_226019_nn