Hopp til innhold

Maskinsjef Leirvåg-Sløvåg

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fv57, 5953 Fonnes, Fv57 520, 5960 Dalsøyra

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du være om bord 25% og ha fri 75% av året?

Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.

Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid fokr å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. 

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri.

Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får moglegheita til å utvikle deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet. 

Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise-og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø er noko av det viktigste du veit.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
    • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.

    Kontaktinformasjon

    Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Fv57
    5953 Fonnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5054019647
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.01.2026

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c661f73e-c144-4ed1-9dca-df72c82c7794

    Sist endret

    7. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9951e902e77a41428bc782ea33f828ad

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser