Ambulerande reinhaldar
Reinhald og tekstil, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ambulerande reinhaldar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Vil du bli vår nye medarbeidar innan reinhald? Bli med i vårt fleirkulturelle lag! Er du ein detaljorientert og påliteleg kollega som likar reinhald og sjå eit umiddelbart resultat av arbeidet du gjer. Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for dei som brukar kommunale bygg? Då er du den me leitar etter!
Me yter reinhaldstenester til alle skular, barnehagar, sjukeheim, kontorarbeidsplassar m.m. Me held oss oppdatert med moderne reinhaldsutstyr. For å ivaretaka deg som tilsett, er me oppteken av god ergonomi; å tilpasse arbeidsutstyr og arbeidstilhøve for å styrke det fysiske arbeidsmiljøet og redusere arbeidsbelastning. Reinhaldsfaget er variert og gjev deg god fysisk aktivitet gjennom arbeidsdagen.
Reinhaldsavdelinga er organisert i team. Me er opptekne av å hjelpe kvarandre for å gje gode tenester.
Stillinga er ambulerande reinhaldar for heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)
- dagleg reinhald av store flater og inventar
- smittereinhald ved behov
- periodisk reinhald og hovudreingjering
- Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar
- samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg
- påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m
- bruk av gulvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse
- sette deg inn i og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan fagområdet er ein fordel - men ikkje eit krav
- Erfaring innan fagområdet
- Fordel med reinhaldserfaring innan fleire byggtyper
- Fysisk god helse: kunne gå mykje i løpet av dagen, gå i trapper, bere/lyfte varer og utstyr.
- Du må utføre arbeidsoppgåver etter god ergonomi
- Forstå og snakke godt norsk
- Førarkort klasse B
- Må kunne disponere eigen bil
- Krav til politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode haldningar og evna til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
- Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov
- Vere merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
- Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen – ergonomisk og psykososialt
- Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
- Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
- Gode barnehagetilbod
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Signe Bjørg Solberg, Verksemdsleiar reinhald, +47 90010867Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4992494224
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Signe Bjørg Solberg
Verksemdsleiar reinhald
+47 90010867
Om bedriften
Vinje reinhald og tekstil består av eit fargerikt team med 26 kvinner og 4 menn, med 10 nasjonalitetar. Reinhald er delt inn i fire soner med kvar sin leiande reinhaldar. Bygdene våre ligg i vakker natur, og kvar bygd har samfunnshus med mange ulike aktivitetar.
Me yter reinhaldstenester til alle kommunale bygg i områda Edland, Rauland, Øyfjell, Vinjar og Åmot. Me har eige vaskeri som er lokalisert ved Vinje sjukeheim, og har elles godt utstyr og moderne golvvaskemaskiner på nesten alle bygg.
Arbeidsoppgåvene er regelmessig/dagleg reinhald, smittereinhald, periodisk og hovudreingjering, bruk av golvvaskemaskiner med meir. Målet er at me skal levere gode reinhalds- og tekstilprodukt innanfor rammer og reinhaldsplanar, jamfør kvalitetsnormen og gjeldande retningsliner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c60ba0fd-fdb6-4e1c-b9f3-46821193e8d0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
168200630c72464286ab8ef297da955b