Bli vår nye seljar innan byggeservice hos Montér Stord!
Optimera AS
Meatjønnsvegen 98, 5412 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Selger byggeservice
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. mars
Montér Stord styrkjer laget og søkjer ein engasjert og løysingsorientert seljar til byggeservice-avdelinga vår. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til gode kundeopplevingar -- enten kundane byggjer nytt, pussar opp eller treng faglege råd til mindre prosjekt.
Hos oss får du ei sentral rolle i kunden si reise -- frå første idé til ferdig løysing. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent team med høg yrkesstoltheit og godt samhald.
Dette er ei 100 % fast stilling.
Kva inneber rolla?Som seljar innan byggeservice vil du:
-
Jobbe med aktivt sal og fagleg rettleiing
-
Følgje opp kundeprosjekt og utarbeide tilbod
-
Sørgje for god vareflyt og orden i avdelinga
-
Bidra til at varehuset framstår attraktivt og inspirerande
-
Vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljø og samarbeid
Hos Montér Stord set vi HMS høgt, og du får grundig opplæring i våre rutinar og system.
Kven ser vi etter?Vi trur du:
-
Har erfaring frå sal eller bygg-/varehandel -- gjerne, men ikkje eit krav
-
Er serviceinnstilt, strukturert og trivst med kundekontakt
-
Tek initiativ og stiller opp der det trengst
-
Har god arbeidskapasitet og trivst i eit miljø med tempo
Det viktigaste for oss er motivasjon, engasjement og eit ekte ønskje om å skape gode kundeopplevingar.
Kvifor velje oss?I Optimera er verdiane våre Offensiv, Profesjonell og Personleg (OPP) førande for korleis vi jobbar. Vi satsar på berekraftige løysingar og framtidas bygg -- og vi investerer i deg som medarbeidar.
Vi tilbyr:
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
-
Gunstige rabattar gjennom personalkjøpsordning
-
Moglegheit for aksjesparing i konsernet
-
Tilgang til Optimera Akademiet -- vår digitale læringsplattform
Hos oss speglar arbeidsmiljøet mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomne.
Er dette deg?Send inn søknad og CV -- vi vurderer kandidatar fortløpande.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med: **Bjørn Helge Anuglen,**Dagleg leiar, 900 84 238
Vi ønskjer ein trygg og profesjonell rekrutteringsprosess. Som ein del av tilsetjingsprosessen blir det gjennomført bakgrunnssjekk via Semac.
Om Optimera
Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain.
Les mer på www.optimera.no.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c5e9af1f-bfc1-41c8-adae-2eba8af83f96
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
453571217
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Optimera AS
Sted
Os
Arbeidsgiver
XL-BYGG Kr. Steinsbø
Sted
Bremnes
Arbeidsgiver
Vest Brøyteutstyr As
Sted
Søfteland