Vil du bli med på laget? - Me har ledig 20% fast stilling som pleieassistent
Voss sjukehus/ Medisinsk avdeling sengepost, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pleieassistent, helg, fast stilling i 20%
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. november
- Voss sjukehus, medisinsk sengepost har ledig 2 faste 20% stillingar for pleieassistent Stillinga høver godt for sjukepleiarstudentar/medisinstudentarStillinga er ledig frå 1. desember 2024
Arbeid kvar 3. helg i todelt vaktordning
Litt om medisinsk sengepost:
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 20 sengeplassar.
Avdelinga er ei generell indremedisinsk avdeling der omlag 95% av innleggingane er øyeblikkeleg hjelp (ØH).
Avdelinga har spesialkompetanse innan kreftomsorg, smertelindring, hjerneslag, mage-/tarm-, lunge- og hjartesjukdom.
Samarbeid:
Me har nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset som laboratorie, poliklinikkar, røntgenavdelinga og fysikalsk avdeling med tverrfaglege tenester.
Litt om sjukehuset:
Voss sjukehus er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Indre Sogn.
Me har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset. Voss sjukehus har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga.
Litt om Voss:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar med generelle indremedisinske diagnosar
- Førefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha erfaring frå relevant helseutdanning
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
Personlege eigenskapar
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Opplæring med fadder
- Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
- Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Marie Finne, Assisterande seksjonsleiar, 56533735Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4882923263
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Linn Christine Zwartjes De Wolfe
Seksjonsleiar
95890493
Sissel Marie Finne
Assisterande seksjonsleiar
56533735
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787410
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6f13b49c5c0e432a83d4f4231cc75182