Tilkallingsvikarar
Bryneheimen 2. etasje
Hognestadvegen 41, 4340 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarer
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Antall stillinger
1
Me har behov for tilkallingsvikarar som kan ta ekstravakter på kort frist på dag, kveld og i helg, samt planlagte vakter god tid.
Er du ein initiativrik og engasjert person med pågangsmot, som liker nye utfordringar og tar initiativ til at det skjer endringar? Då oppfordrar me deg til å søka på Bryneheimen 2. etasje. Me treng deg som ønsker fagleg utvikling og som liker varierte utfordringar.
Bryneheimen har plass til 58 pasientar fordelte på to etasjar som igjen er delte inn i tre fløyar. Alle fløyane er langtid, og det er eit stort spenn av faglege utfordringar. Det er hovudsakleg innan somatikk, men også noko psykiatri. I første etasje har me også ei demensavdeling. I demensavdelinga er det fokus på miljøterapi og personsentrert pleie.
Det er knytt sjukeheimslege i 60 % stilling til institusjonen.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.
Bryneheimen ligg i Bryne sentrum med gåavstand til/frå buss- og togstasjonen
Arbeidsoppgåver
hjelpa pasientane med å ivareta dei fysiske, psykiske og åndelige behova deira
- dokumantasjon etter gjeldande regelverk
Elles
- må du lika å arbeida både sjølvstendig og i team
- har du god innsikt, tryggleik og engasjement for helsefagarbeiderfaget
- må du lika utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for pasientane våre
Kvalifikasjonar
- sjukepleiarstudent
- helsefagarbeidar/-elev
- samlar timar for å ta fagbrev som helsefagarbeidar
- gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2)
- gode datakunnskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- positiv og engasjement for faget
Me legg vekt på at du er eigna for stillinga
Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- tek initiativ og kan jobba i team
- er engasjert i faget og interessert i ny lærdom
- liker nye utfordringar
- er ansvarsbevisst og fleksibel
- har evne til godt samarbeid på tvers av faggrupper
- har godt humør
I tillegg er du god på:
- helsefaglege oppgåver
- dokumentasjon
- tverrfagleg samarbeid
- samarbeid med pårørande
- kommunikasjon med andre
Me tilbyr
Gode stipendordningar for sjukepleiar-/vernepleiar- og paramedicstudentar- utfordrande arbeidsoppgåver
- variert arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstørrelse og fagleg oppdatering
- gode stipendordningar om du tek videreutdanning
- godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale
- bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening
Kontaktinformasjon
Sølvi Vigesdal, Avdelingsleiar, 977 40 218Arbeidsstad
Hognestadvegen 414340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4638721750
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292253
- Hentet fra
talentech
- Referanse
780fc6c8695f4278b31249f6e95d903d