Privat avlasting i eigen heim
Klepp kommune, Administrasjon miljøtenesta
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Om jobben
Stillingstittel
Avlasting i eigen heim døgn og/eller timebasert.
Antall stillinger
2
Vi har behov for å komme i kontakt med rause familiar eller personar som ønskjer å hjelpe andre familiar som treng avlasting frå omsorgsoppgåver sine. Du/de har ekstra overskot, omsorg og motivasjon til å ta imot eit besøksbarn ei helg i månaden + eventuelt ei ferieveke pr. år i eigen heim.
Vi treng i tillegg personar som ønskjer å bidra med timebasert avlasting i vekedagar/helger utan overnatting, på sikt avlasting døgn.
- Gutt 6 år. 2 døgn pr mnd( 1 helg) + 5 døgn til ferie
- Gutt 8 år. 2 døgn pr mnd (1 helg)
I periodar er behovet for godkjente avlastarar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige avlastarar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikke oppdrag med det same.
Arbeidsoppgåver
Avlastar i eigen heim Individuell tilrettelegging for aktuelt barn
Oftast ei helg per månad, i nokre høve i feriar og vekedagar
Kvalifikasjonar
Politiattest vert kravd 2 referansar
Ein må kunne binda seg til minimum eit år.
Sertifikat og bil
Personlege eigenskapar
De er omsorgsfulle og fleksible samarbeidsevner Erfaring og kjennskap til barn med særkilte bistandsbehov
De er pålitelege, tolmodige og strukturerte
Vi tilbyr
Deltidsstilling. Fast tilsetting, løn og godtgjering etter KS sin særavtale SGS 1030
Opplæring og oppfølging vil bli gitt.
Kontaktinformasjon
Johanne Helene Grutle Haara, 90207778Arbeidsstad
Solavegen 14351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4710080414
Stillingsprosent: 22,3, 18,46%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2444320
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e3573faf61904670b4add34f36d5388d