Miljøarbeider
Notevarp omsorgsboliger
Skrivarvegen 1, 3810 Gvarv, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider - vikariat
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. juli
Til ein kvardagshelt som står på for dei som treng det mest.
Du som sjonglerer brukarane sitt beste og fagleg oppfølging som ein tryllekunstnar – vi ser etter deg! Bli ein del av ei kjempespennande heildøgnsteneste for menneske med ulike og samansette hjelpebehov.
Hos oss vil du bli utfordra innan psykisk helse, utviklingshemming, autisme, arbeid med både unge og eldre, aldring og komplekse diagnosesituasjonar. Du får vere med på å skape gode kvardagar for bebuarane – og samstundes utvikle deg fagleg.
Du vil lære mykje om ulike menneske og tenestebehov, og bli ein del av eit fantastisk arbeidsmiljø. Snart kjem ein fagansvarleg vernepleiar inn i tenesta, som skal bidra til fagutvikling og oppfølging. Denne personen vil sikre fagleg kontinuitet, fokus og sørgje for at du aldri står åleine i møte med utfordringar og endringar.
Hos oss har vi hovudsakleg langvakter på 12,5 timar, og pausane er godt organisert. Stillinga har arbeid kvar 4. helg. Kollegaene dine er ei variert og engasjert gruppe i ulik alder, med ulik erfaring og kompetanse – alle med eit sterkt fagleg og positivt engasjement.
Vi håpar du vil bli ein del av vår unike, meiningsfulle og gledesfylte kvardag!
Notevarp er ei avdeling under Bo og mestring i Midt Telemark kommune, lokalisert på
Gvarv. Tenestahar 44 årsverk og 15 brukara. Det er ein spanende og utfordrende arbeidsplass
med godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Følge dagsplaner
- Delta aktivt i teamet rundt bruker og ellers i miljøet
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeider eller fagbrev som barne og ungdomsarbeider
- Relevant erfaring kan bli vurdert
- Du bør ha kompetanse knyta til HOL kap.9 og utforming av vedtak
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som
- har mål og er resultatorientert
- som i tøffe og utfordrande situasjoner har evne til å behalde roen
- som har gode samarbeidsevner
- som er beslttnings dyktig, kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- som har evne til å bruke humor i en hektisk kvardag
- som er ein raus kollega som er ei støtte for andre
- som kan gje og ta imot konstruktive tilbakemeldingar
Personleg eigenskapar og egnahet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar, +47 48139236Arbeidsstad
Skrivarvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4985598156
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 07.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Mona Beate Stokker
Avdelingsleiar
+47 48139236
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c53bd4aa-19cb-4332-af2b-a49eca1fc1cf
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7c9465511644efeba0a678ba49d0f6b