Gut på 19 år trenger ekstra armar og bein. Og aller helst heile folk.
Medvind Assistanse As Avd Trondheim
5454 Sæbøvik
Om jobben
Stillingstittel
Brukerstyrt personlig assistent (BPA)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, deltid 10%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Antall stillinger
3
Medvind Assistanse er i vekst og trenger fleire dyktige BPA-assistentar.
Vi er på utkikk etter tilkallingsvikarer som kan stille opp ved behov. Vi har også ein ledig nattevaktsstilling på helg.
Kven er eg?
Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Kan nok bli sit-down komikar kva tid som helst. Bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Du kan joine, men då må du ha med eigen PC... Brettspel fungerer og, men det er fint om du taper oftare enn meg.
Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min (det er jo noko å ha på CV-en!). Det blir råning med meg som DJ. I alle fall i helgene. Og du må kanskje vere med meg på fest. Og kino. Kino er kjekt. Eg spanderer!
Du steiker kotelett og bruker steiketermometer, eg veit kva kjernetemperaturen skal vere, og korleis du skal lage marinaden for meg. Du skjerer opp maten, men eg spiser sjølv. Du blir nødt til å kokkelere, men slapp av, eg forteller deg stort sett korleis det blir god mat av det.
Eg går på vidaregåande, Barne- og ungdomsarbeider. Assistentane er med meg på skulen, der må du løfte sekken og vere sekretæren min om eg skal skrive.
Det er fint om du kan ta i eit tak, men eg har personløftar og andre smarte hjelpemiddel både på skulen og heime.
Eg trener fleire gonger i veka, to fysioterapeutar lærer deg alt du trenger på land og i bassenget.
Eg er ikkje sjenert og har mellom anna spelt inn fleire undervisningsfilmar for elevar på vidaregåande. Du kjem til å bli godt kjent med meg, for du må hjelpe til med blant anna personlig stell og hygiene.
Eg bur for meg sjølv, så noko husarbeid blir det jo (på ein av oss i alle fall...). Eg har laga ein plan for husarbeid, den er sikkert fin den. Den virker ikkje heilt kvar veke, men det finner me ut av.
Gaming ja, det blir mykje tid til å surfe og. Studerer du noko? Ta med bøkene, det blir ofte tid til å lese og skrive på oppgåver. Eller strikke, eller andre greier du kan halde på med, medan eg speler, eller ser på "Star Wars" eller noko.
Nokre gonger i året må eg på EU-kontroll på sjukehuset. Då kan det hende du må bli med, og overnatte på pasienthotellet. Eller så kan det hende du kan bli med meg på roadtrip til Sverige, Danmark eller andre stader i Noreg. To assistentar og eg fylte bilen sist me var på Harryhandel i Nordby og Strømstad.
Kven er du?
- Du bør vere trygg på deg sjølv, kunne løyse problem og ta ting på strak arm.
- Du er punktlig, pliktoppfyllande og til å stole på.
- Du jobbar godt sjølvstendig, og hjelper til med det som trengst. Utan at eg må mase.
- Du er strukturert og har god ordenssans, i alle fall på mitt nivå.
- Du må kunne bidra i bassenget.
- Du må ha førarkort klasse B, og kunne kjøre Caravelle med manuelle gir.
- Du må tåle dyr, eg har ikkje dyr sjølv, men koser både med hundar og hestar.
- Du snakker og skriver flytande norsk.
Det er ein fordel om du har:
* relevant arbeidserfaring
* arbeidserfaring frå helsevesen
* god kommunikasjon og kjemi med meg
* er ungdommeleg
Det er to skift i døgnet, både vekedagar og i helgene:
0700-1915 (heime og skule)
1900-0715 (heime og ute på farten)
Det er fleire faste, og eit par vikarar, som jobber her.
Det er 7-10 assistentar, damer og menn, i alderen 20 til "det spør ein ikkje om" som rullerer på vaktene.
Medvind Assistanse vert arbeidsgivar. Dei betalar lønn og slikt.
Eg og mamma er arbeidsleiarar. Så me setter opp turnusen, og fikser vikarar om det trengst. Og lærer deg alt du trenger for å lukkast og trivast i jobben.
Det er ingen krav om formell utdanning når ein skal jobbe som BPA-assistent. Vi ser alltid etter ein god match mellom arbeidsleder og assistent. Personleg egnethet vektleggast.
Vi tilbyr konkurransedyktige betingelser, rask og effektiv oppstart for aktuelle kandidatar og fast kontaktperson hos Medvind Assistanse.
Om bedriften
Medvind Assistanse er leverandør av Brukerstyrt personlig assistanse (BPA), et verktøy som gir personer med funksjonsvariasjoner muligheten til å være seg selv.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279923
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c52290df-2724-4183-ac30-b6b8173e9256