Hopp til innhold

Vil du hjelpe Brann- og redningsskulen med å nå ut til målgruppene?

Arbeidsgiver

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Sted

9441 Fjelldal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Brann- og redningsskulen lyser ut eit eittårig vikariat som kommunikasjonsrådgjevar. Me ser etter deg som brenn for god informasjonsformidling, er språkkyndig og har erfaring frå webpublisering.  

Brann- og redningsskulen utdannar brann- og redningspersonellet i Noreg. I 2024 opna me ein heilt ny fagskuleutdanning og fekk dermed nye målgrupper. Vil du hjelpe oss med å nå ut til målgruppene våre gjennom einskapleg og god kommunikasjon?  
 

Arbeidsoppgåver 

  • ansvar for å publisere målgruppeorientert innhald på heimesida til skulen  

  • promotering av Brann- og redningsskulen på ulike arenaer 

  • lage innhald til sosiale medium  

  • støtte kollegaer med kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing 

  • andre oppgåver innan kommunikasjonsfaget 

  

Kvalifikasjonar 

Du må ha: 

  • bachelorgrad innan relevant fagkrets, til dømes journalistikk, PR og kommunikasjon, medievitskap eller retorikk. Relevant arbeidserfaring og anna utdanning kan kompensere for kravet om bachelorgrad. 

  • erfaring med webpublisering og informasjonsformidling på heimesider 

  • svært god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 

  • svært god digital kompetanse 

  

Personlege eigenskapar: 

  • utviklingsorientert 

  • god gjennomføringsevne 

  • gode kommunikasjonsevner 

  • lagspelar 

  • initiativrik 

  

Me ønsker at du har: 

  • kjennskap til universell utforming av nettløysningar/digitale læringsmiljø 

  • erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid  

 

Om seksjonen og stillinga   

Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har 25 tilsette med ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, resepsjon, IKT, HR, kommunikasjon, kvalitet og HMS, innhaldsforvaltning og skuleårsplanlegging.  Seksjonen yter stab/støtte på tvers i verksemda og samarbeider tett med kollegar i seksjonen, på skulen, i DSB og eksterne aktørar. I seksjonen arbeider det to kommunikasjonsrådgjevarar. Ei av dei skal ut i permisjon. Du skal jobbe tett saman med kommunikasjonsrådgjevaren og vera med på å forme og styrke kommunikasjonsarbeidet til skulen. 

  

Hjå oss får du 

  • årsløn frå kr 525 000 til 715 000 i stillingskode 1434 rådgjevar eller årsløn frå kr 635 000 til 875 000 stillingskode 1364 seniorrådgjevar   

  • vera med på eit viktig samfunnsoppdrag  

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no   

  • fleksibel arbeidstid   

  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal 

  • lunsj inkludert i arbeidstida 

  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg 

Oppstart så tidleg som morgeleg.
  

Om Brann- og redningsskulen  

Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).  

Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.  

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.  

  

Les meir på heimesida til Brann- og redningsskulen.  

Kontaktperson: Seksjonssjef Veronika Solvang, e-post Veronika.Solvang@dsb.no og telefon 41466672. 

  

Offentleg søkjarliste  

Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.   

  

Praktisk informasjon om søknadsprosessen  

Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. For å jobbe i DSB må du vera vera skikka tryggleiksmessig og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på heimesida vår.  Bakgrunnssjekk vert gjennomført før tilsetjing. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. 

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c4f9c5b8-b704-4ccb-9175-5976034dbd1a

Sist endret

20. november 2025

Hentet fra

sap

Referanse

BRSK KOM 1334

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Samfunn og infrastruktur, Tjeldsund kommune

Sted

Evenskjer

Konsulent offentlig administrasjon

Arbeidsgiver

Rødøy kommune sentraladministrasjon

Sted

Vågaholmen, Rødøy, Nordland