Hopp til innhold

Lærer

Arbeidsgiver

Skodje barne- og ungdomsskule, Ålesund kommune

Sted

Stadionvegen 21, 6260 Skodje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Inntil 100 % fast stilling som lærar ledig ved Skodje barne- og ungdomsskule, ved barneskuleavdelinga. Oppstart etter avtale.

Skodje barne- og ungdomsskule er ein 1 – 10 skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit til kvarandre, med eigne uteområder for barneskulen og ungdomsskulen. Vi har omtrent 100 born i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.


Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande.


Arbeidsoppgåver

Aktuelle oppgåver

  • Undervisning småtrinnet.
  • Kontaktlærar.
  • Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet saman med kollegaer.
  • Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og samarbeid med eksterne instansar.

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. er ønskeleg
  • Alternativt grunnskulelærarutdanning 5.-10.
  • Erfaring frå begynnaropplæring vektleggast.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker engasjerte og bidragsytande lærarar som likar å jobbe i team, som er strukturerte, pliktoppfyllande og fagleg kompetente.
  • Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
  • Du er utviklingsorientert.
  • Personleg eignaheit vektleggast.

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap
  • Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
  • Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.

Kontaktinformasjon

Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Stadionvegen 21
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5041847704
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c4e99377-c2a0-44fd-baa7-511ad8cf317f

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

25fc35203db44461893704243ae2d7a8

Lignende annonser

Laster lignende annonser