Kokk/ fagkokk/ andre relevante fagbrev
Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk/ fagkokk/ andre relevante fagbrev
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. juli
Vi søkjer no etter ein kokk med fagbrev, og/eller søkjarar med relevant erfaring frå kafe, kantine, hotell, restaurant eller salg/ service som kan gå inn i funksjonen som driftskoordinator i kafeen vår. Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med oppstart snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.
Kafeen har blitt ein attraktiv møteplass, og vi ønskjer ein person som kan ivareta og vidareutvikle tilbodet. Kafeen er open kvar dag heile året, også i helger og høgtider.
Vi tilbyr eit breitt utval av både varm og kald mat, salatbuffet, drikke, kioskvarer, vekeblad og gåveartiklar. Vi driv òg ein ubetent kiosk med smart vareskap med ulike typar drikke, mat og kioskvarer. I tillegg drifter vi ein Espresso House-baristastasjon.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drift av kafe og kiosk
- Vidareutvikle tilbod både i kafe og kiosk
- Bestille mat og drikke fra produksjonskjøkkenet
- Aktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem
- Bruk av seksjonen sine digitale verktøy
- Tilberedning og servering av mat og drikke
Kvalifikasjonar
- Gjerne fagbrev som er relevant for stillinga. Fagbrev kan vere som ernærings/ hotell og restaurant kokk, servitør, baker, konditor eller salg, service og reiseliv
- Vise forståelse for økonomi, som bl.a ressursbruk og matsvinn
- Relevant praksis/ erfaringer innan dei ulike fagområda kan erstatte fagbrev
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til teamarbeid, men arbeider samtidig godt sjølvstendig
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode kommunikasjonsevner i møte med kundar
- Du er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du er initativrik
- Du er positiv til endringar og liker utfordringar
- Du trivs i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, Eli.Nytun.Sether@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5142866053
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4e72a31-f795-4fe6-9627-df9f0b535305
- Sist endret
22. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7c6e32e6d6b48e4ad3af858bcbd9650