Valgmedarbeidar, Valgtinget- Stortings- og sametingsvalet i 2025
Tysnes Kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Valgmedarbeidar, Valgtinget- Stortings- og sametingsvalet i 2025
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
14
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Velkommen som søkjar til stortings- og sametingsvalet i 2025
Me har ansvaret med gjennomføring av valet i Tysnes kommune. Til valgdagen, 8. september 2025, trenger Tysnes kommune di hjelp til å bemanne dei fem valtingslokala våre. Desse ligg på Reksteren, Uggdal, Våge, Lunde og Onarheim.
Me ser etter deg som er open og imøtekommande slik at alle som røyster får ei positiv oppleving.
Vallokala er opne frå klokken 10.00 til 18.00. Arbeidstid er fra ca. klokken 08.30 til 20.30, avhengig av rolle og ansvar. I alle vallokala på valadagen blir det utnemnt ein leiar og ein nestleiar som administrerar røystegjevinga.
Det blir gjort merksam på at du ikkje kan forlata vallokalet før alle røystene er talt opp og kontrollert.
Studentar oppfordras til å søkja.
Vallova stiller strenge krav til at det blir levert eit korrekt valresultat, og til at kommunane skal bidra til å oppretthalde høg tillit til val og demokrati i Norge gjennom å sikra frie, hemmelege og tillitskapande val.
Riktig gjennomføring av valet er viktig for eit velfungerende demokrati og me håper at du vil være med på laget!
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er knytt til gjennomføring av val på valdagen:
- Rigga til vallokale
- Rettleia veljar
- Halda orden på kø og i røysteavlukke
- Stemple røystesetlar og krysse av i elektronisk manntal
- Telja opp røystesetlar med partifordeling
- Praktiske oppgåver knytt til val
Kvalifikasjoner
For å vere valmedarbeidar kan du ikkje stå på politisk valliste for stortings- eller samtingsvalet. i tillegg må du:
- fylle 18 år i løpet av 2025
- beherska norsk skriftleg og munnleg
- ha generell PC-kompetanse (me nyttar elektronisk valgadministrasjonssystem, EVA)
- ha ein fungerande elektronsik ID for å logga inn i EVA under den obligatoriske opplæringa og under valgjennomføringa
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som er serviceinnstilt, nøyaktig og strukturert. Det er viktig har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, slik at du kan rettleia veljarane i vallokalet. I tillegg ser me at du er positiv, har godt humør og klarar å halda roen når det blir hektisk.
Me tilbyr
Å vere valmedarbeidar er ei spanande oppgåve knytt til eit viktig samfunnsoppdrag.
Arbeidstida vil vere frå kl. 08.30 til kl. 20.00.
Du vert tilsett som valmedarbeidar med timeløn pt. kr 263. Dette tilsvarar årsløn som fagarbeidar med 16 års ansiennitet, og kan verta justert etter sentalt lønsoppgjer våren 2025.
Me vil prøva å ta hensyn til dei ønskjer som du har satt opp i høve til vallokalet, men du kan få tilbud om valgarbeid i eit anna røystelokale enn det du registrerer som ønskje.
Rekruttering av valmedarbeidarar skjer fortløpande. Dersom du får tilbod om stilling som valmedarbeidar, vil du motta melding om dette. Vær merksam på at du må bekrefta tilbodet elektronisk så snart som mogleg.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted