Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
Ramsbu 35, 4130 Hjelmeland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.25 i Hjelmeland barnehage.
I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal, Fister og Jøsenfjorden. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Hjelmeland barnehage er fordelt på to hus, eit med for tida to småbarnsavdelingar (Toddlertoppen) og eit med for tida to avdelingar for store barn (Nøtteskogen). Det er kort avstand mellom husa. Dei ligg like i nærleiken av skule og idrettsanlegg, omkransa av flott natur - noko som me ofte nytter oss av.
Hjelmelandsbarnehagen er barnehagar i utvikling. Me søkjer ein pedagogisk leiar som brenn for faget, og som gjennom sitt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- sikra gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske arbeidet
- skapa eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- planleggja og gjennomføra foreldresamtalar
- bidra til eit godt samarbeid med andre tenester
- rettleia og støtta medarbeidarar i det pedagogiske/metodiske arbeidet
- vera oppdatert og vidareutvikla fagleg kompetanse
Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova §25
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28
Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942275
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3502277_205391_nn