Hopp til innhold

Vil du vere styrar ved Loar barnehage?

Arbeidsgiver

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Lom

Om jobben

Stillingstittel
Barnehageleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Det er frå 01.08.26 ledig 100 % stilling som styrar i Loar barnehage. Søknadsfrist 03.05.2026

Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Loar barnehage, med vilje og evne til å arbeide målretta for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt i tråd med Lov om barnehagar og forskrifter (rammeplan).

  • Rekruttere nye tilsette ved behov

  • Forvalte personal- og budsjettressursar innanfor gjevne fullmakter.

  • Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.

  • Ha overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.

  • Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.

  • Bidra inn i utviklinga av <<barnehagane i Lom>>, i tett samarbeid med Garmo barnehage.

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.

  • Styrarutdanning eller anna vidareutdanning innan leiing, eller leiarerfaring er ynskjeleg og vil bli vektlagt.

  • Solid kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.

  • Erfaring med, og evne til, systematisk utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring.

  • God økonomiforståing.

  • God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid og -samhandling.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vil legg særleg vekt på at du:

  • er ein tydeleg og fagleg sterk leiar som ser samanhengen mellom det fysiske og psykososiale miljøet og barna sin leik, læring og utvikling.

  • er trygg i leiarrolla og tydeleg i forventningar og retning.

  • har god relasjonskompetanse og skaper tillit hjå barn, føresette, tilsette, kollegaer og eksterne aktørar.

  • evnar å samle medarbeidarar om felles mål og retning.

  • er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne.

  • handterer krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar med ro og struktur

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse.

  • Støttefunksjonar innan personal, økonomi og IT.

  • Løn etter avtale.

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom vidareutdanning eller andre kollektive utviklingsarbeid.

  • Sletting av studiegjeld i høve statlege føringar

Kontaktperson for stillingen

Magnhild Beate Galde

Styrar

46921394

magnhild.beate.galde@lom.kommune.no

Om bedriften

Per i dag har Lom kommune to kommunale barnehagar: Loar barnehage og Garmo barnehage. Desse barnehagane har eit tett samarbeid om pedagogisk utviklingsarbeid og drift. Samarbeidet omfattar mellom anna jamlege felles styrarmøte og felles fokusområde for utvikling.

Om Loar barnehage

Loar barnehage har fire avdelingar og per i dag totalt 59 born og 19 tilsette. Det er sett av full stilling til administrasjon.

Barnehagen er lokalisert sentralt i Lom, i nærleiken av både barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, og ligg òg rett ved friluftsmuseet Presthaugen. Nærområdet blir nytta aktivt og gjev rom for både store eventyr og små oppdagingar -- uansett årstid.

I Loar barnehage legg trygge og engasjerte vaksne til rette for leik, læring og gode opplevingar for alle barna. Vi søkjer ein styrar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle framtidas barnehage i Lom.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c471e016-2ac1-4b60-baf5-7b617fb28e0a

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

c471e016-2ac1-4b60-baf5-7b617fb28e0a

Lignende annonser

Laster lignende annonser