Sjukepleiar
Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og åpna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk sengepost har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling. Vi søkjer etter sjukepleiar til kirurgisk sengepost SNR, ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset.
Kirurgisk sengepost driv med ortopedi, urologi, gynekologi, plastikk og gastrokirurgi. F.o.m. 2. februar åpner vi også ein 5-døgnspost kor vi samlar dei raske planlagte forløpa våre.
Vi tilbyr forskjellig typer turnusar. Vakter på 7,5 time, men også 12-timers vakter for den som ønsker det. Tredje eller fjerde kvar arbeidshelg.
Vi bruker mykje tid på god turnusplanlegging, dette tilrettelegg vi saman med deg!
Vi søkjer no etter:1 x 100 % fast stilling fra 01.2.26
2 x 100 % vikariat fra 01.2.26 t.o.m. 31.01.27
1 x 90 % vikariat fra 01.2.26 t.o.m. 31.01.27
Vikariatene er med mulighet for forlenging.
Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling.
Dersom du ønskjer å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi at du vil søkje på stilling hos oss.
Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp, og lagt ved søknad og CV.
Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingsprosentar.
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
- Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar, palliativt team og andre faggrupper
- Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med erfaring fra kirurgisk seksjon, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskapar
- Sterkt motivert og løysningsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling
- Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å jobbe i team og vere sjølvstendig
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5062266428
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Anders Nordvik Røstad
Seksjonsleiar
+47 97165121
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c453bacb-b9b0-484e-927e-5c9d114bdaf2
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c48d87f26f134cdfa79ee13828d2094d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Allmenn- og alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset