Kvednatunet
Øygarden kommune Kvednatunet
Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fleire ledige helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. juli
Er du vår nye kollega og ønsker å jobbe innan demensomsorg?
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demens diagnose. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er stor tverrfaglegheit med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefagarbeidarar og miljøarbeidarar. Vi har og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.
Vi har no ledige helgestillingar 18-20%.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg
- Helsefaglege oppgåver som stell og pleie, heilskapleg omsorg, miljøarbeid,
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisasjon helsefagarbeidar
- studentar innan helse eller erfaring frå eldre omsorga kan bli vurdert om ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Ønsker og jobba med demente
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode samhandlingsferdigheiter.
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar
- Fleksibel
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Bodil Janne Giil avdelingsleiar tlf 55096212 / 91673032Ingrid-Alice Ingebrigtsen Einingsleiar 97537243Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c43ea826-4470-4d3f-bee1-957d9e7ab655
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3518023_192447_nn