Vil du vere den som får folk, fag og flyt til å henge saman?
Funksjonsleiar – gastroenterologisk og nyremedisinsk sengepost - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsledar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Vi ser etter ein ny funksjonsleiar som har lyst til å vere med og utvikle eit allereie godt fagmiljø.
Her møter du eit fagmiljø med stor spennvidde og engasjerte kollegaer. Vi står i ein kvardag med både høgt tempo og krevjande prioriteringar – difor treng vi ein leiar som ser folk og skapar tryggleik og retning i det daglege.
I 2027 flyttar vi dessutan inn i splitter nye og moderne lokalar – eit løft som vil gi både pasientar og tilsette eit endå betre arbeidsmiljø og framtidsretta fasilitetar.
Som funksjonsleiar får du ansvar for den daglege drifta på sengeposten, der hovudvekta av pasientane har sjukdommar innanfor gastroenterologi eller nefrologi. Du får personalansvar for om lag 15 medarbeidarar – hovudsakleg sjukepleiarar, men òg helsefagarbeidarar, lærling og studentar.
Vi ser etter ein leiar som ønskjer å vere tett på – som ser både folk og drift, og som har lyst til å påverke kvardagen for både pasientar og medarbeidarar.
Høyrest det ut som deg?👉 Då håpar vi du søkjer – eller tek ein uforpliktande prat med Aase Pauly Nevland om du vil vite meir. Vi gler oss til å høyre frå deg!
🔗Klikk på lenka og les meir om oss. (https://www.helse-fonna.no/jobb-i-helse-fonna/gastroenterologisk-og-nyremedisinsk-post/)
Kva går jobben ut på?
Du får ansvar for å planlegge turnus og ressursbruk, følgje opp sjukefråvær og bidra til eit godt og trygt fagmiljø gjennom kompetanseutvikling og fokus på HMS og faglege retningslinjer.
- I rolla vil du ha eit tett samarbeid med fagsjukepleiar, medisinsk leiar, andre einingar og driftspartar.
- Du vil ha ei nøkkelrolle i å sikre god pasientlogistikk, flyt og trivsel på posten.
Kva kompetanse ser vi etter?
Vi ser etter deg som har helsefagleg utdanning og gjerne erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta. Har du leiarerfaring, er det ein fordel – men det viktigaste er at du har lyst og evne til å ta leiarskap.
- Du må kunne bruke digitale verktøy i det daglege og ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Kven passar inn hos oss?
Vi ser etter deg som:
- trivst i eit miljø der det skjer mykje, og har evne til å prioritere – også når det går fort i svingane
- er trygg i deg sjølv, kommuniserer godt, og har lyst til å vere ein leiar som både krev og støttar
- får tillit frå andre fordi du lyttar, gjer deg forstått og tør å ta avgjerder
Og viktigast av alt: Du trivst best når teamet ditt fungerer godt.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
- ein leiarjobb med mykje ansvar.
- jobbe i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
- støtte til vidare utvikling gjennom kurs, mentor og tett oppfølging
- bli ein del av ei eining med stort fagleg spenn og eit samla leiarteam
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må du gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Aase Pauly Nevland, Avdelingsleiar, 52 73 35 05, aase.pauly.nevland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4965628680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936471
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd24571f132a4aec9bd9b2248b8b68f9