Operasjonsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Operasjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Om stillinga
Er du ein beslutningsdyktig og handlekraftig leiar som trivst i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag? Ønskjer du å vera med på å sikre tryggheita og orden i samfunnet? Då er dette stillinga for deg!
Vi har no ledig ei fast stilling som operasjonsleiar, politioverbetjent ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt. Hovudoppgåvene til operasjonsleiaren er å leie og koordinere verksemda i operasjonssentralen. Samtidig blir du som operasjonsleiar øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er sett stab. Du vil og vere etterforskingsleiar, og slik koordinere etterforskingsinnsatsen til Felles straffesaksinntak (FSI) overtek. Samtidig vil du også i det daglege ha eit utvida ansvar for HMS-tiltak for personell, både ved operasjonssentralen og for øvrige personell i politidistriktet.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd, i dagleg drift og ved ekstraordinære hendinger og kriser. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er delt inn i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. Samtidig ser vi etter deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskinternvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er sett stab
- Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingstyrte oppdrag
- Ansvarleg for å konferere med stabssjef ved behov for fagleg rådgjevning
- Ansvarleg for å følgje opp styringssignal frå overordna nivå
- Ansvarleg for å ha oversikt politidistriktet sin operative kapasitet (ressurs og kompetanse) i samhandling med tjenestekontoret. Skal bistå tjenestekontoret med sanntidsføring i TTA, etter kontortid
- Ansvarleg for samhandling og oppfølging med Felles straffesaksinntak (FSI). Operasjonsleiar er etterforskningsleiar når FSI ikkje er på arbeid
- Ansvarleg for å handtere media og informere befolkninga etter sentrale retningsliner og lokale instrukser
- Skal ha god kunnskap om lovverk, instruksverk og ordrar
- Skal ha inngående kunnskap om PBS I - II og III og drifte tenesten i samsvar
- Ansvarleg for HMS tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste, samt eige team som består av oppdragsleiar og operatørar
- Ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
- Ansvarleg for varsling av stabssjef ved behov for å sette stab
- Ansvarleg og fullmakt til å beslutte bevæpning i samsvar med våpeninstruksen for politiet
- Har fullmakt til å beordre personell og rekvirere ekstern bistand
- Ansvarleg for politidistriktet so operative drift av politidistriktet sin funksjon som lokal redningssentral (LRS) herunder oversikt over redningsressursar
- Kunne fungere som oppdragsleiar og operatør
- Skal rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- Skal utføre oppgåver skildra i rutiner om arbeidsfordeling samt gjeremål for OL og ODL
- Ansvarleg for varsling av politimeistaren og jourhavande etter eigne retningslinjer
- Kan bli pålagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Brei og relevant erfaring frå politiet sine gjeremål
- Relevant erfaring frå leiing
- God kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant leiarutdanning
- Studiet funksjonsretta leiing for operasjonsleiarar
- Studier innanfor etterforskingsleiing
- Erfaring frå operasjonssentralen
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar, herunder å kunne leie situasjonsbestemt og ha god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Endringsvillig
- Initiativrik
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt
- Brutto årslønn frå kr. 760 000 - kr 780 000
- Godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
- Moglegheit til trening i arbeidstida
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c40adc67-65c3-41ac-861b-79da1d242348
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270545
Lignende annonser
Operatør, FOT
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Etterforskar politibetjent 3/2/1
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund