Lærar - tilrettelagd opplæring
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
5054 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - tilrettelagd opplæring
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig 100% fast undervisningsstilling på tilrettelagd avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Leie det pedagogiske arbeidet i klassen
- Rettleie miljøfagarbeidarar
- Utarbeide individuelle opplæringsplanar
- Pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan
- Skule - heim samarbeid og samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse
- Spesialpedagogisk kompetanse
- Erfaring frå undervisning – gjerne relatert til målgruppa
- Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis
- God kjennskap til profesjonsfagleg digital kompetanse
- Gjerne kompetanse i rettleiing
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon
- God til å bygge relasjonar både til elevar og tilsette
- Evne til samarbeid og til teamarbeid
- Evne til å stå i utfordrande situasjonar over tid
- Tolmodig
- Evne og vilje til å sette langsiktige mål
- Å vere personleg eigna er særs viktig i denne stillinga
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Cecilie Øvstedal, avdelingsleiar, 99255824Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4958589203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 14.05.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig