Hopp til innhold

Sølvberg Bygg søkjer byggjeleiar

Arbeidsgiver

Sølvberg Bygg AS

Sted

Visnesvegen 3, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Byggjeleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Sølvberg Bygg AS er eit solid og lokalt forankra byggjefirma med fokus på kvalitet, godt handverk og fornøgde kundar.

Selskapet er forhandlar av Blink Hus og er ein viktig bustadbyggjar i Nordfjord. Vi har varierte oppdrag frå hytter og einebustadar til prosjektutvikling med rekkehus og fleirmannsbustadar på eigne tomtar. Til kontoret vårt i Stryn treng vi ein dyktig og engasjert byggjeleiar som vil vere med og vidareutvikle verksemda.

Vi søkjer deg som har god byggkunnskap og kommuniserer godt med kundar og utførande.

Arbeidsoppgåver
• Planlegging, gjennomføring og oppfølging av byggjeprosjekt
• Ansvar for framdrift, kvalitet, HMS og økonomi i prosjekta
• Koordinering av underentreprenørar og leverandørar
• Kontakt med kundar, samarbeidspartnarar og offentlege instansar

Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning innan bygg og anlegg (lang erfaring kan kompensere for utdanning)
• Erfaring frå byggjeleiar-/prosjektleiarrolle er ein fordel
• God forståing for byggtekniske løysingar og regelverk
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
• Strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
• Gode samarbeidsevner og leiareigenskapar
• Løysingsorientert og flink til å kommunisere
• Trivst med ein variert og hektisk kvardag
• Gode datakunnskapar og kunnskap i bruk av teikneprogram

Vi tilbyr
• Ei spennande og sentral rolle i eit godt arbeidsmiljø
• Varierte prosjekt og stor påverknad på eigen arbeidskvardag
• Konkurransedyktige vilkår
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
• Gode forsikring- og pensjonsordningar

Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontakt: Henning Heimlid, henning@solvberg.as, 416 85 617
Send søknad og CV til: firmapost@solvberg.as

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c3e5b8ba-b2d2-44a4-b0fb-98387a243436

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

449484241

Lignende annonser

Murer

Arbeidsgiver

Nordvest Bemanning As

Sted

Askøy, Bergen, Vestland, Øygarden

Superrask søknad