Saksbehandlar arbeidsvarsling
Statens vegvesen
Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Saksbehandler arbeidsvarsling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Om stillinga
Ønskjer du å vere ein del av eit dyktig fagmiljø og bidra til å sikre trafikktryggleik og effektivitet i transportsystemet vårt?
Hos vår seksjon, Transportforvaltning Møre og Romsdal, ønskjer vi deg velkommen som ein verdifull ressurs i eit spennande og samfunnsnyttig arbeid! Her får du jobbe med saker frå heile fylket, som har mykje å seie for folks kvardag, og du vil oppleve at mange er engasjerte i arbeidet du gjer.
Gjennom saksbehandling etter veglov, vegtrafikklov og plan- og bygningslov, i tillegg til samhandling med kommunar og fylkeskommunar, jobbar vi for å styrkje Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport – både regionalt og lokalt.
Hos oss blir du teken imot av eit støttande arbeidsmiljø, som består av 14 dedikerte og godt kvalifiserte medarbeidarar, fordelte på kontora våre i Ålesund og Molde.
Kontorstad for denne stillinga er Ålesund.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva vil vere behandling av søknader om arbeidsvarsling:
- Vurdering og godkjenning av arbeidsvarslingsplanar for arbeid på eller ved riks- og fylkesvegane, for å sikre god framkomme og trafikktryggleik.
- Dialog med byggherrar og entreprenørar for å finne fram til løysingar som gir god trafikktryggleik og god framkomme.
- Oppfølging og kontroll av arbeidsområde på og langs vegnettet.
- Kontrollar på at byggherrane/entreprenørane gjennomfører arbeidet ihht. godkjent arbeidsvarslingsplan og at tryggleik og framkomme blir vareteke.
Det kan bli aktuelt å gjennomføre saksbehandling av permanente skilt- og oppmerkingsplanar.
Andre arbeidsoppgåver innanfor ansvarsområdet til seksjonen kan også vere aktuelle, ut frå behovet til seksjonen og interessefeltet ditt.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av ein fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:- Relevant utdanning frå høgskule/universitet, minimum 3 år. Relevant utdanning kan f. eks vere teknisk utdanning med anlegg, veg eller trafikk i fagkrinsen. Om du har relevant erfaring og gode personlege føresetnader for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
- Førarkort kl. B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Kurs 1 eller 2 i arbeidsvarsling.
- Erfaring frå planlegging og gjennomføring av arbeid på og ved veg.
- Erfaring med saksbehandling av arbeidsvarsling.
- Praktisk erfaring frå veg- og anleggsverksemd.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskaparVi ser etter deg med gode analytiske evner og som kan jobbe sjølvstendig. Samtidig er det viktig at du samarbeider godt med andre, og vi set pris på om du er engasjert og initiativrik. For å lykkast og trivast i stillinga bør du også vere løysingsorientert og kunne handtere ein hektisk kvardag på ein god måte.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenFyll ut feltane "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Testar og bakgrunnssjekkArbeidspsykologiske testar kan inngå som ein del av rekrutteringsprosessen vår, for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Slike testar kan bidra til å støtte ei rettferdig og objektiv vurdering av kandidatane, og hjelpe oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ Arbeidsgiverportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Om vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3c7b6a7-f8ca-474d-8ac7-3b0067520d76
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258653