Vil du hjelpa oss med å dokumentkontroll og arkivering?
Voss herad Innbyggarservice
Voss Tinghus, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent innbyggjarservice
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. november
Ledig konsulentstilling i innbyggjarservice
Me har ledig stilling som konsulent i stabsavdeling innbyggjarservice, hovudsakleg knytt til arkiv og dokumentsenter. Vil du vera med å utvikla Voss herad, søkjer du jobb hjå oss. Dette er ei fast stilling i 100 prosent, som er ledig frå 1. januar 2026
Om arbeidsstaden:Stabsavdeling innbyggjarservice er ein del av rådmannen sin stab. Målet vårt er å ha kjekke dagar der me opplever både meistring og utvikling. Stabsavdelinga har mange oppgåver som må løysast kvar dag for at organisasjonen skal fungera mest mogleg effektivt, og for at innbyggjarane skal få gode tenester. Avdelinga er delt i to team, der eine teamet har ansvar for arkiv og dokumentsenter, det andre for service og publikumskontakt.
Me har ansvar for mellom anna desse oppgåvene:
- sak- arkivsystem
- postmottak og registrering
- journalføring, arkiv og innsyn
- servicetorg og sentralbord
- kommunikasjon, nettsider og elektroniske skjema
- politisk sekretariat
- gjennomføring av både stortingsval og kommune- og fylkestingsval
- formidling av startlån og tilskot til bustad
- personvern og informasjonssikkerheit
- kommunal vigsel
- Du skal ikkje jobba med alle desse oppgåvene.
- Til stillinga som er ledig ligg det i utgangspunktet oppgåver som arkivarbeid, dokumentkontroll og journalføring, men også andre oppgåver i avdelinga må påreknast.
- Avdelinga har ansvar for sak- og arkivsystemet Acos Websak, som Voss herad nyttar. Den som vert tilsett må pårekna å bistå i drift av dette systemet, inkludert brukarhjelp til organisasjonen og bidra til ein effektiv og god bruk av systemet.
- Me ynskjer at du har utdanning på bachelornivå innan relevante fag, til dømes dokumentasjonsforvaltning, arkivfag eller andre administrative fag.
- Relevant erfaring kan kompensera for dette, og gjera at lågare utdanningsgrad vert vurdert.
- Det er ein fordel, men ikkje krav, om erfaring med dokumentasjonsforvaltning eller arkivarbeid i offentleg sektor.
- Me leitar etter deg som er strukturert, nøyaktig og systematisk. Men du må også vera fleksibel og ikkje vera redd for å prøva nye ting.
- Me er Voss herad sitt ansikt ut mot innbyggjarane, så du må lika folk og vera serviceinnstilt. Du kjem langt med å vera blid og løysingsorientert. Me har også viktige oppgåver som handlar om å hjelpa organisasjonen, og fleire av oppgåvene våre er viktige for at organisasjonen elles skal fungera best mogleg.
- Det er godt arbeidsmiljø i stabsavdelinga, og den som vert tilsett må vera budd på å bidra til å oppretthalda og utvikla det gode arbeidsmiljøet vårt.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Me tilbyr:- godt arbeidsmiljø
- meiningsfulle oppgåver både for Voss herad sin organisasjon og innbyggjarane
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3c5cc32-a75e-4f35-8a0e-430b4eea12fb
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3556149_212343_nn
Lignende annonser
Bygningsarkitekt
Arbeidsgiver
Voss Folkemuseum
Sted
Voss
Helgestillingar på Udlabu
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss
Bygningsarkitekt
Arbeidsgiver
Hardanger Folkemuseum
Sted
Utne