Badevakt
Avdeling for kulturtenester, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Badevakt/livbergar 7,18% fast stilling og badevakt/ansvarleg for kiosken 14,36% fast stilling
Oppstart
17. oktober 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 7.18%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ledig stilling som badevakt/ansvarleg for kiosken i 14,36% fast stilling og badevakt/livbergar 7,18% fast stilling i symjehallen i Fleirbrukshuset.
Symjebassenget i Fleirbrukshuset er ope 26 torsdagar og 20 laurdagar i vinterhalvåret, frå veke 42 til veke 15 kvart år.Arbeidet er sesongarbeid, tilsetting er fast og på ordinære vilkår i tillegg til eit helgetillegg for å jobbe laurdag på kr. 500,- pr arbeidde vakt.
Det er ledig 2 stillingar i bassenget frå 14. oktober 2024:
- Badevakt/livbergar i 7,18% stilling. Dette er 13 torsdagar og 10 laurdagar i tidsperioden bassenget er ope.
- Badevakt/ansvarleg for kiosken på 14,36% fast stilling. Dette er 26 torsdagar og 20 laurdagar i tidsperioden bassenget er ope.
Arbeidsoppgåver
Badevakt/livbergar 7,18%Badevakt/livbergar må vere god til å symje, og må gjennomføre og bestå livbergingskurset med HLR for å bli fast tilsett. Badevakta/livbergar er ansvarleg for tryggleiken i bassenget, og må vere årvåken og kunne reagere raskt. Det er viktig med god kommunikasjon og den tilsette må kunne kommunisere med kundane på så god norsk at den gjer seg godt forstått.Badevakt/ansvarleg for kiosken 14,36%
Den som jobbar i kiosken må som eit minimum gjennomføre HLR-kurs, men gjerne og livbergingskurs, for å få fast tilsetting. Den som jobbar i kiosken er ansvarleg for billettsal og kor mange som er i bassenget til ein kvar tid og skal hjelpe til i situasjonar der livbergar treng hjelp. Den har og ansvar for å lage enkel mat til kiosken og sal av dette. Det er viktig med god kommunikasjon og den tilsette må kunne kommunisere med kundane på så god norsk at den gjer seg godt forstått.
Kvalifikasjonar
Badevakt/livbergar må vere personleg eigna, god til å symje og trivst i eit hektisk og kreativt miljø. Den må bestå livbergingsprøve med HLR for å bli fast tilsett. Det er krav om å gjennomføre og bestå livbergingsprøve med HLR kvart år før ny badesesong.
Badevakt/kioskansvarleg må vere personleg eigna, god til å symje og trivst i eit hektisk og kreativt miljø. Den må delta på livbergingskurs med HLR kvart år.Personlege eigenskapar
Vi søker etter serviceinnstilte personar som likar å jobbe med menneske og som tar ansvar for tryggleik og at det er ein hyggeleg stad å vere.Vi tilbyr
Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.Det vert lagt til eit tillegg på kr. 500 per arbeidde laurdag.
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Espelid, Kultursjef, 35048494, anne.espelid@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4863999932
Stillingsprosent: 7,18, 14,36%
Fast
Startdato: 17.10.2024
Søknadsfrist: 04.10.2024
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2753334
- Hentet fra
talentech
- Referanse
685086b0010a4e84903d1a7b848baebb