Kontaktperson
Nome og Midt-Telemark barnevern
Gvarvgata 45, 3810 Gvarv
Om jobben
Stillingstittel
Kontaktperson - fast
Oppstart
8. juni 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. april
Barneverntenesten har stort fokus på barns medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Vi er opptatt av tillit, samarbeid og kontinuitet for dei familiane og samarbeidspartnarane som er i kontakt med oss. Dette ser vi på som viktige faktorar for å få til eit nødvendig og godt endringsarbeid.
Nome og Midt-Telemark barnevern er ein felles barnevernteneste for kommunane Nome og Midt-Telemark. Tenesten har sine lokale i Bø. Barneverntenesten er organisert i to avdelingar, der det arbeidast med undersøking, tiltak, fosterheim og ettervern. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Det er for tida 26 tilsette i tenesta.
Nome og Midt-Telemark barnevern kan tilby deg ein meiningsfull og betydningsfull arbeidskvardag, med gode faglege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Tenesten har stort fokus på fagleg utvikling, både på systemnivå og for den enkelte. Det tilretteleggast for at alle skal oppleve meistring og få utviklingsmoglegheiter som styrker den enkelte, og utvidar vår faglege kompetanse.
Nome og Midt-Telemark barnevern satsar på kompetanseutvikling hos alle tilsette, både individuelt og på systemnivå, og er ein del av eit læringsnettverk. Der arbeidast det mellom anna med kompetanseutvikling på fosterheimsområdet. Tenesten har som ein del av læringsnettverket, også eit ressursteam. Dette består av miljøterapeutar og psykolog.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter Lov om barnevern, i tråd med forskrifter, veiledere, rutinar og avtalar.
- Saksbehandling - herunder ansvar for framdrift i sak, kvalitet og dokumentasjon.
- Arbeid i tråd med barneverntenesta sin internkontroll, mål og fokusområde.
- Halde seg fagleg oppdatert.
- Partsrepresentant i barnevern- og helsenemnda.
- Vere bidragsytar i fagleg utviklingsarbeid i tenesta.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for grunnutdanningskrav.
- Du må ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne og kunne takle ein hektisk kvardag.
- Gode digitale ferdigheiter
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- Ønskjeleg med erfaring frå barnevernsfeltet
- Relevant vidareutdanning
- Krav om politiattest, jf. Barnevernsloven § 12-11 Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Fordel å disponere egen bil, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Er omstillingsdyktig og fleksibel
- Du må vere opptatt av barns medverknad og ha haldningar som representerer dette
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Er ein lagspelar til eit godt arbeidsmiljø, saman med dine kollegaer og dine leiarar.
- Er løysingsorientert og endringsvillig, og trivst med tidvis høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.
Personleg eignaheit vil bli vurdert spesielt og utgjere ein sentral faktor for tilsetting.
Vi tilbyr
- Givande arbeid i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- God opplæring med fadderordning
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel og variert arbeidskvardag
- Fleire sosiale tiltak for å byggje opp under eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid (kjernetid frå 09.00-14.00)
- Ein arbeidsstad opptatt av fagutvikling
- Fast veiledning for nytilsette
- Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Anne Storhaug, Einingsleiar, +47 91852855Arbeidssted
Gvarvgata 453810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4935763176
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 08.06.2025
Søknadsfrist: 07.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne Storhaug
Einingsleiar
+47 91852855
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2897834
- Hentet fra
talentech
- Referanse
65ad28238fc14e768953f76b22b0881a