Sjåfør for renovasjonsbil
Nordfjord Miljøverk IKS
Øyane 9, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Renovatør
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. juli
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer er å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
Renovatør/sjåførVil du bli ein del av NoMil? Vi søkjer no ein renovatør/sjåfør til eit 100 % vikariat med varigheit på eitt år og moglegheit for forlenging. Oppmøtestad er Nordfjordeid i Stad kommune eller Sandane i Gloppen kommune**.**
For stillinga er det eit krav om at du har:· førarkort klasse C eller CE og YSK
· god hele og fysikk
· snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2
· normale digitale ferdigheitar
· fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Personlege eigenskaparDu bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Søknad med CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «Renovatørr». Søknadsfrist: 12.juli 2026.Om bedriften
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c38c6b94-90cc-4135-98ab-4b516e2588f1
- Sist endret
16. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
466645847