Hopp til innhold

Sykepleier/vernepleier Raus bufellesskap

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Haus 8, 5286 Haus

Om jobben

Stillingstittel
Sykepleier/vernepleier døgnturnus i Raus bufellesskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Om stillinga

Raus bufellesskap er eit bufelleskap i eininga Psykisk helse og rusomsorg. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog, bufellesskapet og Veksttunet Valestrand med tilbodet Kroken som gjev tenester til personar med rusproblem.

Raus Bufellesskap har ein nydeleg beliggenheit omtrent i sjøkanten i Haus på Osterøy. Dei tilsette er flinke og kompetente med høg fagleg kompetanse. Alle bidrar til eit kjekt og godt arbeidsmiljø som det er godt å vere ein del av. Vi ønskjer oss ein ny kollega som bidrar til ein positiv utvikling og framgang i bufellesskapet!  I bufellesskapet jobbar dei både døgnturnus og langvaktar. Stillinga som no er ledig er ein 100 % stilling i døgnturnus. I bufellesskapet er det 6 leilegheiter fordelt på 2 hus. I hus nummer 1 jobber det ein døgnvakt og ein mellomvakt. I hus nummer 2 jobbar det 2 i døgnvakt. I tillegg er det nokre bustader knytt til bufellesskapet som får oppfølging. Vi gjer tenestar til vaksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.

Oppstart i stillinga frå 06.07.2026


Oppgåver kan til dømes vera 

  • Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar 
  • Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap 
  • Ha fokus på aktivitet i kvardagen 
  • Lage og oppdatere tiltaksplanar 
  • Medikamenthandtering 
  • Styrke det sosiale nettverket til bebuarane 
  • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar 
  • Primærkontakt arbeid 
  • Bidra med kvalitetssikrande arbeid 
  • Skape trygge og gode omgivnader til brukarne
  • Miljøterapautiske tiltak

Vi tilbyr

  • Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus  
  • Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø 
  • Stor fagleg variasjon 
  • Døgnturnus 
  • Osterøy kommune er ein IA-verksemd
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP  
  • Gode parkeringsmogligheiter 

Kvalifikasjonskrav

  • Krav til bachelor i sjukepleie eller vernepleie 
  • Det er eit krav at ein har erfaring fra arbeid med brukargruppa
  • Førerkort klasse B
  • Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk

Kven er du?

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Tryggleik i faget 
  • Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
  • Personleg egnethet vil vært vektlagt 
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere 
  • Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande 
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar 
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. 
  • Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kontaktpersoner for stillingen

Trude Dingsør-Totland

Einingsleiar

+4791731947

trude.dingsor-totland@osteroy.kommune.no

Catharina vold

Avdelingsleiar

+4746280611

catharina.olsen.vold@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c38054bd-d1f0-40f6-b623-75cb96987774

Sist endret

8. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290396

Lignende annonser

Laster lignende annonser