Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Avdeling Søvik barnehage, Haram kommune
Plassen 19, 6280 Søvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar/Assistent
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Søvik barnehage har ledig vikariat i 80 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent.
Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og som ønskjer å bidra til eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barna i barnehagen vår.
Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring frå arbeid med barn? Då oppfordrar vi deg òg til å søkje!
Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten.
Vi søkjer etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønskjer vi kontakt med deg og håper du vil søkje på stillinga.
Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings - og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
- Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
- Omsetje teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
- Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
- Gi nødvendig informasjon og rettleiing til vikarar og nytilsette
- Delta på kurs og opplæring som vert tilbydd gjennom barnehagen
- Ansvar for å setje seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
- Melde avvik og kome med forslag til forbetring t.d i compilo
Kvalifikasjonar
Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b.
Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage. Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Vere glad i friluftsliv og uteleik
- Vere aktiv i leiken med barna
- Vere løysningsorientert, fleksibel og open for endring
- Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
- Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
- Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Vere ein god rollemodell
- Vere ein inkluderande medarbeider og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar, god arbeidskapasitet og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
- Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule.
- Løn etter gjeldande tariff.
- God pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Synnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, synnove.kathrin.farstad.standal@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Plassen 19
6280 Søvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5037744932
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c36aa3ae-a14d-471a-a090-e7f82530ceb2
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
374d39cb6feb49e5aaa782f94ea12c0d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Eidet skule, Haram kommune
Sted
Vatne
Arbeidsgiver
Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Harøy barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre
Sted
Harøy