Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. november
Vi fokusere på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for det enkelte barn
- Gje barn positiv oppfølging og støtte
- Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
- Rettleie barn i leik og aktiviteter
- Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
- Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltider
- Samarbeide med skulens tilsette
- Samarbeide med andre faginstansar ved behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller annan relevant utdanning/erfaring
- Erfaring/kompetanse med barn som nyttar ASK (alternativ supplerande kommunikasjon) i barnehage, skule eller buteneste
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
- Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
- Liker å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
- God voksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus for det enkelte barn
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
- Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
- Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
- Positiv og godt humør
 Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barns liv
- Ny og moderne skule og SFO
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5033341468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 14.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- d8825c04-fc60-431c-9fdc-1eef7d83ca38 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- a8f5df75651a4a0b9b16bcbc33006562 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Ellingsøy barnehage, Barnehagar Ålesund ytre
Sted
Ellingsøy