Vil du vere med å utvikle framtidas økonomitenester i Nav?
Rådgjevar i Nav økonomiteneste
Sognefjordvegen, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du vere med å utvikle framtidas økonomitenester i Nav?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. januar
Vi er på jakt etter ein utviklingsorientert lagspelar med teknologisk teft – er det deg? Hjå oss får du varierte oppgåver og moglegheiter for utvikling i eit sterkt økonomifagleg miljø.
Nav økonomiteneste (ØT) leverer landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for rekneskap, lønn, reise, bestilling og faktura, utbetalingar og intern brukarstøtte. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle økonomiområdet og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ein spennande fase med utvikling på fleire område, samtidig som vi skal levere høg kvalitet kvar einaste dag.
Vi ynskjer å styrke laget med kollegaer som er lærevillige og initiativrike, og som har lyst til å utvikle og utfordre både system og prosessar. No er det primært på lønnsseksjonen vi har behov for fleire dyktige tilsette, men det kan også bli aktuelt med stillingar på andre seksjonar. Vi har inntil fire stillingar ledige.
Klar for å ta neste steg? Søk no og bli med på å forme framtidas økonomitenester i Nav!
Arbeidsoppgaver
- Saksbehandling og rådgjeving
- Analyse og rapportering
- Finne smarte løysingar på utfordringar innan både system og prosess
- Bidra til å effektivisere måten vi jobbar på
Du får god opplæring og ein fadder som hjelper deg i gang. Oppgåvene kan endre seg ut frå dine interesser og våre behov.
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon, HR eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God systemforståing og digitale ferdigheiter
- Gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk
I tillegg er det ynskjeleg at du har:
- Kjennskap til lønns- og rekneskapsområdet og statleg regelverk på området
- Erfaring frå, eller kunnskap om, offentleg forvaltning
- Erfaring frå prosjekt eller teamarbeid
Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på. Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har arbeidserfaring.
Personlige egenskaper
- Du er sjølvstendig, men trivst med samarbeid
- Du likar å løyse problem og dele kunnskap
- Du er strukturert, effektiv og utviklingsorientert
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
- Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 622 000 – 700 000 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav.
Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Husabø Bjørseth, Seksjonssjef Lønnsseksjonen, 48294414, ingeborg.husabo.bjorseth@nav.noArbeidssted
Sognefjordvegen6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5054640493
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c337ee91-6396-4122-8d4a-711f7fb12464
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
26bd26440e4a4e118c8d1068491b1996
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Sted
Leikanger, Sandnessjøen
Tenesteleiar Leikanger sjukeheim/heimetenesta og Balestrand sjukeheim/heimetenesta
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Helse og omsorg
Sted
Leikanger