Hopp til innhold

Trainee hos Nav Økonomiteneste: Økonomi/kommunikasjon/teknologi

Arbeidsgiver

Framtidsfylket AS

Sted

6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Traineestillinga er utviklingsorientert og vi ynskjer å bruke din ferske kompetanse til å vidareutvikle vår organisasjon. Hjå oss får du vere med å forme stillinga di sjølv. Du får jobbe frå vesle Leikanger, i eit sterkt fagleg miljø, i ein av Noreg sine største verksemder. Du får nyte godt av å ha ein solid og profesjonell arbeidsgjevar, med gode moglegheiter til å skape deg nettverk i heile landet. Du får god opplæring og ein fadder som sikrar at du finn deg godt til rette.

Breidde i arbeidsoppgåvene

Vi kan tilby eit breitt spekter av økonomifaglege, kommunikasjonsfaglege og teknologiske utfordringar. ØT har ei brei oppgåveportefølje med ansvar for både rekneskap, lønn og utbetalingar frå Nav. Vi er intern brukarstøtte og arbeidar mykje med opplæring på økonomiområdet. I tillegg jobbar vi med digitalisering og automatisering av økonomiprosessane våre. Hjå oss kan du få bryne deg på oppgåver innan økonomi og rekneskap, kundeservice, innhaldsproduksjon, teknologi og automatisering - avhengig av kva bakgrunn du har.

Strategien vår fram mot 2030 set retning for korleis Nav økonomiteneste skal jobbe både målretta og førebyggande for å sikre god rekneskapskvalitet. Når vi løyser oppgåvene våre effektivt, bidreg vi med å frigjere tid til kjerneoppgåvene i det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi skal vere ein tydeleg fagekspert på økonomiområdet i Nav, ved å setje kvalitet og internkontroll høgt på dagsorden. Som lærande organisasjon utforskar vi, og tek i bruk, teknologi for å auke både effektivitet, funksjonalitet og kvalitet i tenestene våre.

Vi har i tillegg viktige roller i utviklingsarbeid sentralt i Nav. I løpet av det neste året skal vi mellom anna innføre statlege rekneskapsstandardar (SRS), og jobbe mot å få opp Nav sitt klimarekneskap, som er ein viktig brikke i Nav sitt arbeid med berekraft.

Bli del av eit unikt, kollegialt miljø

Vi har eit godt kollegafellesskap som møtast både i kantina, ved kaffimaskina, på Teams og for å gå ein tur saman i «trimtimen» vår. Saman med resten av Nav-bygget har vi Nav idrettslag (NAVIL), som har felles trening, arrangement og er med på turneringar. Samlinga av store, statlege og spanande arbeidsplassar, gjer miljøet i bygda vår unikt.

«Utruleg lærerikt år!», seier Sondre Espeland Ellingsen. Han var trainee hjå oss i 2024/2025 og fekk prøve seg på mange av våre område:

«Eg har trivdes kjempegodt på Leikanger, og har fått stor tillit og moglegheit til å påverke. Eg kan veldig varmt anbefale Nav økonomiteneste som arbeidsgjevar og distriktsvestland som bustad. Har du nokon gong tenkt på å ta eit år som trainee? Gjer det!»

No ser vi fram til eit nytt år med frisk «trainee-energi» på huset!

Bli med på laget dao!

Frå bygda Leikanger er vi definitivt med på det som skjer i Nav. Det er særs motiverande at vi utgjer ein sentral og viktig funksjon i Nav. At jobben kan kombinerast med aktivt friluftsliv ved Sognefjorden er ein stor fordel. Ikkje gå glipp av denne sjansen – bli med på laget dao!

Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor


Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

Om bedriften

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d57cb96-cd26-4203-8d88-e4c711e712cb

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

karriere.no

Referanse

90fcbe0f-e738-4a28-968c-a8b746e554a6

Lignende annonser