Er du student og vil ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune 2026?
Avdeling infrastruktur og veg
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Er du student og vil ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune 2026?
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Er du student eller heilt nyutdanna innan ein ingeniør-/teknisk fagretning og ynskjer deg ein relevant og
utfordrande sommarjobb innan infrastruktur og veg, då må du lese meir her:
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmar regional utvikling.
Avdelinga søkjer for sommaren 2026 inntil 10 sommarvikarar med arbeidsstad primært i Bergen eller Leikanger. Vi tilbyr varierte oppgåver der du vil ha din arbeidskvardag både inne på kontoret og ute på oppdrag. Vi ber deg skrive i søknaden kva eining og lokasjon du ynskjer å søkje på, samt kva tidsperiode du kan arbeide i.
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar hos oss vil du få god opplæring, spennande og relevante arbeidsoppgaver, eigen fadder
og bli kjend med kunnskapsrike kollegaer i eit sterkt fagmiljø.
Følgande einingar og arbeidsoppgåver er aktuelle:
Geodata:- NVDB oppdatering
- Ulykkesanalyserapport
- GIS-oppgåver
- Innsamling av trafikkdata
Til desse oppgåvene vil det vere ein fordel med studieretning geomatikk. Kontorstad er Bergen eller Leikanger.
Geo og skred:- Fagleg rådgjeving og prosjektering innan planprosjekt og drift-og vedlikeholdsoppdrag.
- Skredfaglege vurderingar i felt Vegteknologisk bistand innan forsterkningstiltak
Det vil vere ein fordel med studieretning ingeniørgeologi, vegteknologi eller geoteknikk. Kontorstad er Bergen, Leikanger eller Voss.
Elektro:- Kartlegging av felleføringsanlegg (fiberaktører på veglysanlegg eid av fylkeskommunen)og etablering av avtaler med leigetakarar.
- Kartlegge behov for skogrydding på veganlegg med veglys.
- Registrering av ledningsanlegg og tennskap for veglysanlegg i digitalt kartverktøy.
- Kontroll av strømregninger for umålte veglysanlegg etter skifte til LED
Relevant studieretning vil vere t.d innan elektro. Du må ha sertifikat kl.B. Kontorstad er Bergen.
Vedlikehald bru og kai:- Bruinspeksjonar
- Registrering av inspeksjonar i BRUTUS.
Relevant studieretning for desse oppgåvene vil vere konstruksjonsteknikk bygg. Du må ha sertifikat kl. B. Kontorstad er Bergen.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som er under utdanning eller nyleg har fullført, primært på bachelor-/masternivå, innan relevant ingeniør-/teknisk fagretning.
Du har generelt gode datakunnskapar og interesse i å setje deg inn i nye system.
Personlege eigenskapar
Kven er du?
Du trivast med sjølvstendig arbeid, men også i samarbeid med andre. Du har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. For å kunne dra ut på oppdrag og befaring er det naudsynt med førarkort kl. B.
Vi tilbyr
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
- god opplæring og fadderordning.
- eit godt og inkluderande fagmiljø.
Kontaktinformasjon
Elektro: Sigbjørn Rabbe, Seksjonsleiar, 97569799Geo og skred: Stein Olav Njøs, Seksjonsleiar, 95191855
Vedlikehald bru og kai: Jorunn H. Sekse, Seksjonsleiar, 97425209
Geodata: Torgeir Bøyum, Sjefingeniør, 99203212
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5055033932
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 12.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Geodata: Torgeir Bøyum
Sjefingeniør
99203212
Vedlikehald bru og kai: Jorunn H. Sekse
Seksjonsleiar
97425209
Geo og skred: Stein Olav Njøs
Seksjonsleiar
95191855
Elektro: Sigbjørn Rabbe
Seksjonsleiar
97569799
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c30a06f1-baa8-45d7-b9f2-5523b6f4463f
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0be52e6a7b43443b9c204c131230aff5
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Oslo, Trondheim, Bergen, Tromsø, Arendal, Drammen, Lillehammer, Stavanger, Bodø, Leikanger, Molde, Alta, Moss, Vadsø, Mosjøen, Harstad, Steinkjer, Ålesund, Haugesund, Førde, Tønsberg, Skien, Kristiansand S, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik, Kjeller
Ingeniør, senior-/overingeniør - vegforvaltning
Arbeidsgiver
Bymiljøetaten, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
INV - Vegbygging bergensområdet, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen