Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Dette er stillinga for deg som ønsker ein kick-start på karrieren din som vernepleiar. Her får du ein spennande og utfordrande jobb og god fagleg utvikling.
Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna vernepleiarar med oppstart 15. juni 2026.
Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over to år. Det er eit styrt løp med 3 arbeidsperiodar ved ulike einingar. Hensikta med traineeordninga er å gje deg god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gjer deg ein unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett vidare i vernepleiarkarriera di.
Traineebakgrunnen vil gje deg ei stor kontaktflate i sjukehuset og gjere deg attraktiv for fleire interessante stillingar som vernepleiar når traineeperioden er over. Traineeprogrammet inneheld fellesopplæring ved oppstart, fagdagar og rettleiing i grupper. Ordninga er koordinert av seksjonsleiar for traineevernepleiarane.
I løpet av traineeprogrammet er planen at du skal arbeide ved 3 ulike einingar innan desse fagfelta; psykiatri og/eller rus.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.
Ønsker du å vite meir om traineestillingane? Ta kontakt med Karina Vorland Løvstad.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna som vernepleiar i løpet av vinteren 2025 eller våren 2026. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Du er fagleg sterk
- Du meistrar godt norsk både munnleg og skriftleg
- Arbeidserfaring som til dømes sommarjobb eller helgestilling i helsesektoren er ein fordel men ikke eit krav
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som;- vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og omstende
- lærevillig og fagleg nysgjerrig
- strukturert og tar ansvar for at oppgåver blir gjort
- kommuniserer klart og tydeleg og kan tilpasse og formidle informasjon på ein forståeleg måte
- sjølvstendig - samstundes kan du samarbeide godt med andre
- møter pasientar og pårørande profesjonelt, empatisk og med respekt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit fagleg og sosialt fellesskap med dei andre i traineegruppa
- MAP-kurs
- Fellesopplæring ved oppstart
- Fagdagar i traineeperioden
- Rettleiing i grupper
- Kick-start på karrieren din som vernepleiar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, 92463092, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5029709953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
92463092
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c260a4cd-bdb4-4d46-9994-a74c0eac2734
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f24081162c8482b91c2f63e39b75a85
Lignende annonser
Traineesjukepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna sjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen
100% fast stilling for helsefagarbeider/ assistent med helsefaglig bakgrunn
Arbeidsgiver
Øvsttunheimen sykehjem, Bergen kommune
Sted
Nesttun
Vernepleier/sykepleier
Arbeidsgiver
Olav Bjordalsvei bofellesskap, Bergen kommune
Sted
Breistein