Barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Skulesvingen, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider/fagarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. mars
På grunn av komande permisjonar har Brattvåg barneskule ledig vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar, med snarleg oppstart. Stillinga er for om lag eitt år med mogelegheit for forlenging. Stillinga kan delast av fleire i mindre stillingsbrøkar.
Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegium og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i deira skulekvardag og på SFO.
- Bidra til at det enkelte barn opplever positiv oppfølging.
- Ha god fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.
- Helsestell.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men ikkje eit absolutt krav.
- Søkarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
- Ønskeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar.
- Kunnskap og kompetanse i helsestell.
- Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på det enkelte barn og grupper.
- Ha god fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell.
- Gode omsorgsevner.
- Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
- Du må vere løysingsorientert, punktleg og påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner, .
- Trivast både med ute- og inneaktivitetar.
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og et godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar.
- Opplæring vil bli gitt.
- Stillingane kan bli forlenga.
- Løn ifølge tariff.
- Pensjonsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.noArbeidsstad
Skulesvingen6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5085674530
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 19.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c221a71b-8944-48ad-bad0-8b05b0f6d7b7
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00a21983ece1424a9dafda11cc025445
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Sted
Brattvåg