Rektor ved Larsnes skule (2. gongs utlysing)
Oppvekst og kultur, Sande kommune
Vardane 20, 6084 Larsnes
Om jobben
Stillingstittel
Rektor ved Larsnes skule (2. gongs utlysing)
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya.
Frå 01.08.2025 søker vi rektor ved Larsnes skule. Skulen har ca 70 elevar frå 1.-7. trinn, skulefritidsordning og 16 tilsette.
Vi søker ein dyktig og engasjert rektor som har interesse og ambisjonar for å utvikle skulen i samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Som rektor i Sande kommune vil du vere ein del av oppvekst- og kultursektoren si leiargruppe. Du vil ha eit tett samarbeid med den tverrfaglege ressursgruppa og kommunen sine stab- og støttefunksjonar (økonomi, HR og kommunikasjon).
Arbeidsoppgåver
Rektor har ansvar for å leie skulen sitt heilskaplege arbeid med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø.
Som rektor for eininga vil du ha det overordna pedagogiske ansvaret, i tillegg til personal- og økonomiansvar gitt i høve delegasjonsreglementet. Rektor har som sine hovudoppgåver å støtte dei tilsette i det daglege arbeidet, leige inn vikarar i høve fråvær, følge opp økonomi og planlegge utvikling ilag med sektoren si leiargruppe og andre ressurspersonar.
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning fra høgskole/universitet, jamfør Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
- Arbeidserfaring frå relevant tenesteområde
- Rektorutdanning eller anna leiingutdanning
- Erfaring som skuleleiar/leiar og god kjennskap til administrativ skuledrift er ønskeleg
Søkarar utan leiarutdanning kan vurderast om ein forpliktar seg til å gjennomføre dette.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein rektor som kan leie, engasjere og skape gode rammer for både elevar og tilsette i skulen. Dette gjennom å vere lyttande og løysningsorientert. Du må trivast i eit hektisk miljø og samtidig kunne vere strukturert i høve eigen kvardag. Som rektor vil du samhandle med både elevar, foreldre, tilsette og andre. Det er difor viktig med god relasjonskompetanse, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter deg som har interesse for leiing og utvikling. Du må ha god økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk. Du har evne til å tenke heilskapleg, jobbe langsiktig og har gjennomføringskraft.
Du må elles ha gode digitale kunnskapar.
I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
- Deltaking i intern leiarutvikling
- Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2
- Tilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Kontaktinformasjon
Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701Karen-Marie Hjelle, HR-leiar, 92178280
Arbeidsstad
Vardane 206084 Hallebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4941663408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895666
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2109fc3007b3483faf71d9ce94e081aa