Ledig stilling som personleg sekretær
Mio BPA
5416 Stord
Om jobben
Antall stillinger
2
Eg søker etter deg som liker å kombinere kontorarbeid med praktiske omsorgsoppgåver. Jobben kombinerer funksjonsassistent og personleg assistent, som vil seie at det er behov for assistanse både på jobb og fritid, noko som byr på ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Som funksjonsassistent vil du hjelpa meg med praktiske oppgåver medan eg er på jobb. Arbeidsoppgåvene vil vera skriving og lesing, arkivering, digitalt arbeid, praktisk hjelp og tilrettelegging. Du vil nytte Microsoft Office 365 aktivt og sjølvstendig som arbeidsverktøy i jobben som funksjonsassistent. Deltaking på jobbreiser kan førekomma.
Innimellom dette vil du også bistå meg med tilrettelegging i kvardagslivet og praktiske oppgåver i heimen, som personleg assistent. Du vil i tillegg vera med meg i sosiale situasjonar med venner og familie, samt delta når det skjer noko litt utanom det kvardagslege, som til dømes ferie og reiser. På denne måten vil du få ta del i alle livets aspekt på ein spennande og utfordrande måte. Dette gir ein unik dimensjon til ein kvardag med kontorarbeid, for deg som er reflektert, omsorgsfull og glad i menneskelege relasjonar.
Kvalifikasjonar:
- Gode evner til kommunikasjon, skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
- Relevant utdanning og erfaring er ein fordel, og du blir lønna etter kvalifikasjonar
- Førerkort klasse B
- Fremlegge gyldig politiattest
Manglar du formelle kvalifikasjonar, men tenkjer at dette høyres ut som den perfekte jobben? Då kan me sjå på løysingar for å kombinera jobb og relevant studie, så send oss gjerne ein søknad likevel.
Kva kan eg tilby deg?
Hos meg vil du få eit lærerikt og koseleg arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver. Du vil kunne påverke eigen turnus, og du vil få lønn etter kvalifikasjonar.
Arbeidstid og stilling:
Eg søker etter ein assistent i 50-100% stilling. Ynskjer du ein mindre stilling for å kombinere med studiar eller anna, kan det òg vera aktuelt, særleg om studiet er relevant for jobben. Turnus og stillingsprosent kan me finne ut av saman, men skriv dine preferansar i søknaden. Eg har behov for assistanse på dagtid, ettermiddagar, kveld og helg.
Om bedriften
Mio BPA er en av Norges største BPA-leverandører. Vi har lang og bred erfaring, og kan levere tjenester i 116 norske kommuner. Vi har som mål å levere Norges beste BPA-tjenester, og tilbyr skreddersydde BPA-løsninger i henhold til den enkeltes behov. Det er viktig for oss å kunne gi våre kunder den aller beste tjenesten og at vi er den beste arbeidsplassen for våre medarbeidere. Mio BPA er en del av Mio-konsernet som er 100 prosent norskeid.
Vi jobber alltid ut ifra disse verdiene:
• Respektfull: Vi er åpne og møter andre med vennlighet og forståelse. Alle vi møter skal føle seg sett, anerkjent for den de er og verdifulle.
• Pålitelig: Vi er til å stole på og holder det vi lover. Vi opptrer på en måte som gir tillit og trygghet.
• Modig: Vi utgjør en forskjell for hvert enkelt menneske vi møter. Vi gir mennesker et bedre liv og frihet til å leve slik de vil.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2360471
- Hentet fra
teamtailor
- Referanse
teamtailor-2892230-688483