Hopp til innhold

Vil du vere med og bidra til gode politiske prosessar i Vestnes kommune?

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Sentraladministrasjon

Sted

Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes

Om jobben

Stillingstittel
Vestnes kommune søkjer politisk sekretær inntil 80 % vikariat ut 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Vestnes kommune har ledig vikariat som politisk sekretær inntil 80 % stilling ut 2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til sentraladministrasjonen og næraste leiar er personal- og organisasjonssjefen. I tillegg til godt samarbeid internt i organisasjonen vil stillinga innebere godt samarbeid med ordførar og politiske organ. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.

Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar med gode digitale ferdigheiter som ønskjer å bidra til gode politiske prosessar og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Som politisk sekretær vil du vere ein sentral støttefunksjon i kommunen sine politiske prosessar. Oppgåvene vil mellom anna vere:

  • Førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i politiske organ
  • Utsending av sakspapir og publisering av møte
  • Protokollføring og etterarbeid
  • Saksbehandling innan eige ansvarsområde
  • Støtte til ordførar, folkevalde og administrasjon
  • Oppfølging av sak- og arkivsystem
  • Andre administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • God digital kompetanse
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar
Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • Arbeider strukturert og innan tidsfristar med prioriterte oppgåver
  • Har god rolleforståing
  • Har evne og interesse for digitale utvikling 
  • Er serviceinnstilt og samarbeider godt med ulike aktørar
  • Trivst med varierte oppgåver og til tider korte fristar
  • Har interesse for samfunn og lokaldemokrati
Vi tilbyr
  • Varierte og samfunnsviktige arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Vikariat med ønska tilsetting så snart som mogleg, og med varigheit ut 2026.

Endring i stillingsinnhold kan bli aktuelt.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Ta gjerne kontakt med personal- og organisasjonssjef Mette Jane Holand, mob. 90017957 om du har spørsmål til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mette Holand

Personal- og organisasjonssjef

+4790017957

mette.holand@vestnes.kommune.no

Om bedriften

Kommunedirektøren held til i Rådhuset. Kommunedirektøren har det overordna faglege og økonomiske ansvaret for den kommunale verksemda, og har ansvar for å setje i verk politiske vedtak. Sentraladministrasjonen har ansvar for både interntenester, informasjon og innbyggartenester: servicekontor, postmottak, arkiv, politisk sekretariat, økonomi, løns- og personalkontor. Sentraladministrasjonen har også hovudansvar for overordna planlegging, beredskapsleiing, samt saksbehandling innan kultur, barnehage og grunnskule.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c1d9cd11-0729-49a0-a9d6-8ee1445e2ed5

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3620611_189843_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser