Avdelingsleiar
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
6750 Stadlandet
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar i Bu- og miljøtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ynskjer du å vere leiar og bli med på å utvikle helse og omsorgstenestene i Stad kommune? Då er dette stillinga for deg!
Stad kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.03.24. Stillinga har 100 % administrativ tid og dagarbeidstid med arbeidsstad Selje/Stadlandet.Som avdelingsleiar er du ein del av Bu og miljøtenesta sitt leiarteam og vil ha ansvar for tenester til menneske med nedsett funksjonsevne i ytre del av kommunen. Ansvarsområdet famnar Reidahaugen bufellesskap i Selje, Trivelig bufellesskap på Leikanger, samt aktivitetsentera Hove (Selje) og "Vår sin butikk" (Leikanger).
Aktiv brukarmedverknad, samhandling og tryggleiksskapande tiltak for brukarar og personale står sentralt. Saman med brukarane ynskjer vi å legge til rette for å strukturere kvardagen optimalt. Målet er at kvar enkelt skal få den støtte ein treng og samstundes vere så sjølvstendig som mogeleg. Brukarane vert fulgt opp med målretta miljøarbeid og tiltak for at alle skal ha ein meiningsfull kvardag. For nokon er skule, utdanning og jobb viktig. For andre kan det vere ulike aktivitetar, enten på aktivitetssenter eller gjennom å delta på andre arena i samfunnet som brukar har interesse for.
Bu og miljøtenesta er den største eininga i Stad kommune og tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet. Du vil vere med å utforme, kvalitetsikre og vidareutvikle tenestene og samhandlinga i bufellesskapa og i Bu-og miljøtenesta.
Arbeidsoppgåver
- Leie den daglege drifta i eininga saman med leiarteam
- Utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette
- Dagleg oppfølging i ajourhald i RS og vikarbooking
- Oppfølging av tilsette ved sjukefråver
- Medansvar for faglege vurderingar, rettleie av personale og utvikling av avdelinga
- Ansvar for møter med aktuelle samarbeidspartnarar
- Oppfølging av internkontrollsystem
- Samhandle på tvers av einingane i kommuna og bidra med innspel, råd og samhandling
- Delta i økonomistyring og ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiar
- Organisering av lærlingar og studentar
- Medansvar i rekrutteringsprosessar
- Oppfølging nytilsette i samarbeid med personale
Kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
- Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
- Vidareutdanning i leiing eller ønskje om å ta dette
- Ha gode rolle-, system- og organisasjonsforståing
- Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
- Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
- Ha gode strategiske og analytiske evner
Personlege eigenskapar
- Er fagleg oppdatert og oppteken av kvalitet i tenesta
- Er strukturert, nøyaktig og systematisk
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Er sjølvstendig og endringsvillig
Vi tilbyr
- Godt og nært tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at vitnemål og attestar ved lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi ber om referansar av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.noKarl Alsaker, Einingsleiar Bu- og miljøtenesta, +4791561383, karl.alsaker@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Stadlandet
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4730322068
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2505221
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5fc24277431341ddaad867cbd7b0675e