Hopp til innhold

Dekkssjef på moderne ferje

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39 13, 5419 Fitjar, Fv546, 5396 Vestre Vinnesvåg

Om jobben

Stillingstittel
Dekkssjef i sambandet Husavik - Sandvikvåg, pt. MF Husavik
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 5. mai

Vikariat i 6 månader med moglegheit for forlenging.

Fjord1 har ledig eit 6 månaders vikariat som dekkssjef i sambandet Husavik–Sandvikvåg, p.t. om bord på MF Husavik. Ferja er bygd i 2018 og er eit moderne, stillegåande og miljøvennleg fartøy. 

Som dekkssjef får du ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga gir verdifull erfaring og gir grunnlag for vidare utvikling mot høgare sertifikat, med opparbeiding av fartstid i fartsområde 3. 

Skiftordning:  Døgnvakt -12 dagar på og 9 dagar av. I arbeidsperioden jobbar ein eitt døgn på og eitt døgn fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. 

Ledig omgåande.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
  • Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Skiftordning: Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv546
5396 Vestre Vinnesvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5116184623
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Synnøve Kjetland

Rekrutteringsmedarbeider

+47 47995295

marit.kjetland@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c192c20b-2d32-48cd-8b12-8f9f1f3347bd

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

da38745ca3ed477886ce48e4071f1453

Lignende annonser

Laster lignende annonser