Sjukepleiar/Fagarbeidar med vidareutdanning 80% i vikariat på natt
Kvinnherad kommune Husnestunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Fagarbeidar i 80% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Er du sjukepleiar, vernepleiar eller fagarbeidar – og på jakt etter ein arbeidsplass med både varme, tryggleik og fagleg utvikling?
Då kan du vera den vi ser etter!
Vi er eit stabilt og framoverlent natt-team på ni medarbeidarar per natt, med eit godt arbeidsmiljø prega av humor, samhald og engasjement for fag og menneske. No søkjer vi ein ny kollega som deler vår glød for å skapa gode netter for dei som treng oss mest.
Omtale av stillingaHusnestunet og Halsnøytunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og uteteneste. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.
Ein søkjer no etter sjukepleiar i 80% vikariat som nattevakt frå 01.02.26 – 01.02.27.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientane på avdelingane
- Om ein ikkje er kvalifisert sjukepleiar, kan ein vurdere godt kvalifisert helsefagarbeidar til stillinga
- Heilhetlig omsorg og pleie
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
- Dokumentasjon av tenester
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleier
- Påliteleg
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- God IT kunnskap
- Politiattest ikkje eldre enn 3 månader
Eigenskapar
- Fleksibel og løysningorientert
- Gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre
- Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
???? Hos oss får du:
- Trygge og dyktige kollegaer som heiar på kvarandre
- Ein arbeidskvardag med både faglege utfordringar og ekte meistring
- Ein leiar som legg vekt på medverknad, læring og trivsel
- Moglegheit for hjelp til å finne bustad dersom du flyttar hit
???? Om Kvinnherad:
Midt mellom fjord og fjell finn du eit lokalsamfunn som bugnar av aktivitet og naturglede. Her kan du vera med på alt frå klatring i den nye Kvinnherad Arena, musikk og brettspelklubb, strikketreff – til turar i majestetiske fjell og stille fjordar.
Kommunen satsar stort på både barn, ungdom og helse – med lærlingegaranti, ny barneskule og eit fellesskap som løftar i lag.
???? Vi manglar berre deg – du som brenn for helsefaget og ønskjer å gjera ein forskjell, også når verda søv.
???? Søk då vel!
Vi gler oss til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c181ee65-6bfb-41b3-8e4d-d274d77cb828
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3554121_225951_nn
Lignende annonser
Helsefagarbeidar 80-100% fast stilling, natt
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Sted
Rosendal
Helgestillingar/Ekstrahjelp/Ringevikarar - Husnestunet/Halsnøytunet
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal
Helgestillingar/Ekstrahjelp/Ringevikarar - Husnestunet/Halsnøytunet
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Halsnøytunet
Sted
Rosendal