Hopp til innhold

Ekstrahjelp/ringevikar i turnus dag/kveld og/eller natt

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Husnestunet

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar/Ekstrahjelp/Ringevikarar - Husnestunet/Halsnøytunet
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 21. mars

Helgestillingar - Husnestunet/Halsnøytunet

Husnestunet og Halsnøytunet har ledige helgestillingar og behov for ekstrahjelp/ringevikarar i turnus dag/kveld og natt.   Tilsetjing vil skje fortløpande.

Husnestunet og Halsnøytunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og uteteneste. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.  

Vi kan tilby eit pulserande miljø og faglege utfordingar innan demensomsorg, i somatiske avdelingar og rehabilitering/palliasjon.

Oppgje i søknaden om kva stilling og arbeidsstad du ynskjer.

Det er elles ope for å ta ekstravakter.

Vi søkjer deg som er fylt 18 år, og som likar å gjera ein innsats for andre.
Arbeidstida kan kombinerast med studiar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon.
  • God IT kompetanse.
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Fleksible turnusordningar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tove Omdal

+47 90944865

tove.omdal@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f345dc5-8362-4ba4-9111-bd9de0f27f05

Sist endret

31. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3555893_225951_nn

Lignende annonser