ID 2330 Sjukepleiar - Knutsaåsen omsorgssenter
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Knutsaåsen omsorgssenter er pilot i TØRN, der me aktivt jobbar med korleis me skal nytte ressursar på ein rett måte ut frå kompetanse og oppgåvedeling. Sjukepleiarane jobbar også i team med definerte sjukepleiaroppgåver. Sjukepleiar jobbar tett med tilsynslege og andre instansar.
Frå 18.08.25 har me ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved somatisk avdeling. Det kan være moglegheiter for å starte før.Stillinga gir mogleik for ordinær turnus med dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg, langvaktturnus med arbeid kvar 4. helg eller ein kombinasjon. Me legg gjerne til rette for stillingsprosent etter ønske og behov.
Synest du dette er spanande ut vil me gjerne ha deg med på laget!
Me ønskjer ein person som:
-
Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
-
Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
-
Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
-
Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert sjukepleiar.
-
Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
-
Personar som ikkje er ferdig utdanna på søkjetidspunkt er også velkommen til å søke.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Høgt faglig nivå
-
Etablert tverrfagleg samarbeid
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingssjukepleiar Lidveig Stubhaug tlf 534 54306 eller konstituert einingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c15f0bb5-05e0-4c95-991a-7ea1beabe2c9
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c15f0bb5-05e0-4c95-991a-7ea1beabe2c9