Hopp til innhold

Psykolog/ psykologspesialist

Arbeidsgiver

Rehabiliteringssenteret AiR

Sted

0050 Oslo

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist. 2 stillingar.
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Rehabiliteringssenteret AiRer leiande innan arbeidsretta rehabilitering (ARR). Sidan 1986 har senteret, som er ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, hjelpt personar med samansette helseutfordringar til å koma inn i eller halde fram i arbeid/utdanning.

Unge vaksne utanfor arbeid eller skule er ei aukande samfunnsutfordring, og sidan 2021 har AiR hatt eige tilbod til denne gruppa, AiR UNG (18--30 år).

AiR tilbyr og utviklar kunnskapsbaserte rehabiliteringsprogram. Digitale verktøy nyttast både før, under og etter opphald. Dette styrkjer prosessen og gjev ei meir samanhengande oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet

AiR har to avdelingar. Eit hovudsenter i Rauland i Telemark, og eit dagsenter i Oslo.

No søkjer me etter psykolog/psykologspesialist ved begge våre avdelingar, og ser etter deg som er omgjengeleg, nysgjerrig, nytenkande og som likar å påverke eigen arbeidskvardag.

AiR Rauland: Engasjement som psykolog/psykologspesialist i 60-100% fram til 01.09.26. Stillinga vil vere knytt til rehabiliteringstilboda ARR og CFS/ME.

AiR Oslo: Fast stilling i 50% som psykolog/psykologspesialist. Stillinga vil vere knytt til dagrehabilitering innan ARR og langvarig muskel- og bløtdelssmerte.

For begge stillingane kan det vera aktuelt å bidra inn i Ekspertbistand, kurs og digitale samtaler som er andre tenester AiR leverer. Sjå www.air.no for meir informasjon.

AiR har tverrfaglege team som består av legespesialist, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykolog

  • Kompetanse innan kognitiv terapi, MCT, ACT eller liknande terapimetodar

  • Kompetanse eller interesse innen PRT behandlingsmetode (Pain Reprocessing Treatment)

  • Erfaring frå samtaler i gruppe og individuelt

  • Interesse og erfaring med digitale verktøy

  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

  • Gode samarbeidsevne som bidreg til eit utviklande fagmiljø

Arbeidsoppgåver
  • Undervising og aktivitet i grupper

  • Kartlegging, vurdering og individuell rettleiing

  • Delta aktivt i tverrfagleg teamarbeid

  • Fagutvikling og anna utviklingsarbeid

  • Samhandling med NAV, arbeidsgjevar og/eller andre involverte

  • Særfagleg oppfølging og henvising vidare ved behov

  • Dokumentasjon, epikrisearbeid

Me tilbyr:
  • Arbeidsmiljø med høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer

  • Variasjon og bredde i arbeidet som psykolog

  • Personleg og fagleg utvikling

  • Arbeidstid, dagtid på kvardagar

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

Søknadar behandlast fortløpande, siste frist er 20. desember 2025.
Me ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt:
Klinikkleiar AiR Rauland: Siri Mørch, tlf.+47 474 63 408, siri.morch@air.no

Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no

Fagansvarlig psykolog: Guro Anna Wyller Odden, tlf. +47 35 06 28 42, guro.anna.wyller.odden@air.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c15342b7-2d0b-4608-8446-4a6b04d3b027

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

439110714

Lignende annonser

Laster lignende annonser