Lærar ved Svelgen oppvekst
Bremanger kommune Oppvekst
Bremanger
Om jobben
Stillingstittel
Allmennlærer (grunnskolen)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Svelgen oppvekst er ein 1-10 skule, med ca. 200 elevar.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 01.08.19, primært tenkt på ungdomsskulen.
Fagynskjer: Norsk, samfunnsfag, KRLE og kunst og handtverk.
Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje.
- Ha gode samarbeidsevner
- Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
- Vere engasjert til det beste for elevane
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Bremanger kommune lønnar alle nyutdanna lærarar 25 000 kroner over minsteløn.
Nærare opplysning om stillingane får du ved å vende deg til driftssjef Sindre Myklebust Fjeld, tlf. 46806321.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden .
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sindre Myklebust Fjeld, Tlf: 468 06 321, Epost: sindre.fjeld@bremanger.kommune.no
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.
Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.
Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.
Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
266631
- Hentet fra
Overført fra arbeidsgiver
- Referanse
9990829