Ergoterapeut i øyriket Solund
Solund kommune Helse og omsorg
Hardbakke, 6924 Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut, 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ergoterapeuten vår skal ut i permisjon. Kunne du tenke deg ei stilling med stor grad av variasjon, ansvar og spanande arbeidsoppgåver?
Solund kommune har ledig stilling som ergoterapeut, 100 % vikariat i perioden 28. april 2025 - 27. mars 2026.
Ergo- og fysioterapitenesta har fokus på helsefremjande og førebyggande tenester, behandling, rehabilitering, god samhandling med andre tenester og brukarmedverknad. Vi yter tenester til alle aldersgrupper, både i barnehage og skule, samt heimebuande og dei på institusjon. Ergo- og fysioterapi inngår som ein del av eit tverrfagleg tenestetilbod men blir også gitt som enkelttiltak.
Målsettinga for ergoterapitenesta er å bidra til at mennesker med nedsatt funksjonsenvne, skal meistre aktiviteter i dagleglivet som er viktige for dei. Samt å tilrettelegge for at dei som ynskjer det, skal kunne bu i eigen bustad så lenge som mulig.
Arbeidsoppgåver- Kartlegging av funksjonar og tilpassing av aktivitetar/arbeidsvanar
- Tilrettelegging av fysiske omgjevnader/bustadsaker
- Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
- Velferdsteknologi
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Individuell trening og/eller gruppetrening
- Kvardagsrehabilitering
- Hukommelsesteam
- Dagsenter
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- Du er løysningsfokusert og har fokus på pasienten sine behov og eigenskapar
- Generelt god IKT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar
- Førarkort for personbil
- Det må framvisast tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverke
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Hjelp til å finne bustad
Tilsetting elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2873445
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3469661_140887_nn